onsdag 17. februar 2010

Yuma og biltrøbbel

Eit par innlegg til frå den forseinka dagboka. Nettverkskortet til PCen gjekk dessverre fløyten ila Vegas-weekenden, so kan bli litt verre å få oppdatert blogg framover...time will show... Hadde det i alle høve moro i Vegas i helga! meir kjem...

Yuma vart siste overnattingsstopp på roadtripen vår. ”3:10 til Yuma” er namnet på ein Western-film og stort sett det einaste det er verdt å seie om Yuma. Det var meir eller mindre berre eit veikryss med ørten motell og nokre restaurantar. Motel 6 svikta som alltid ikkje, og Yuma blir berre hugsa som det siste stoppet på en minnerik roadtrip. Har fått sansen for reisemåten roadtrip. Er befriande å vakne opp kvar dag utan å vite akkurat kor ferda går eller kor ein skal overnatte neste kveld. Men no blir det nok ei stund til neste tur! Skulen ventar.


Joda, biltrøbbel fekk vi og. Litt sjølvforskyldt, men langt frå heilt. På vei frå Grand Canyon til Flagstaff endte vi opp i lag med sikkert fleire tusen skientusiastar som var på vei ned frå fjellet etter siste helga i juleferien. Etter 3-4 timar i kø var bilen tom for bensin, og vi sto i veikanten 7 miles (ca ei mil) unna Flagstaff. Etter fåfengte forsøk på å spørje passerande biler, fekk eg skyss inn til Flagstaff, fekk bensin og byrja og trakke tilbake. Fekk til slutt haik på bagasjeplanet til ein ”truck”, men bilen starta ikkje og vi fekk til slutt hjelp av ein hyggjeleg politimann til å ringe etter tidenes kuleste tauebil.
Etter dette hadde bensinmålaren tydelegvis fått seg ein liten stuss, for midt på freewayen på vei frå Yuma til San Diego sto vi bom stille igjen. Ein fantastisk hjelpsam mexikaner sugde og spytta bensin og lånte oss litt bensin frå sin tank (hjerteleg takk for forsøket), men bilen starta igjen ikkje med berre eit par gallon på tanken, og det vart tauebil igjen. Dette gjorde at vi vart for sein til å få hoppa fallskjerm, men Audun fekk tatt igjen det seinare, så ingen sure miner. Høyrer med til ein fullverdig roadtrip!















Meg bak rattet og eit par bilete frå landskapet!

2 kommentarer:

  1. Flotte bilder og tekst da.Her e det slutt på det fine skiføret,men det gjer ingen ting for meg. Eg har brukket foten. Kos deg vidre
    Edda

    SvarSlett