fredag 5. februar 2010

Las Vegas by night

Vi fulgte reisehandboka sitt råd og passa på å køyre inn i Las Vegas etter mørkets frembrudd. Spektakulært og køyre nordover på The Strip i eit hav av neonlys mellom alle dei berømte hotella, til no berre kjend frå utallege TV serier og filmar. Ein ting er i alle høve sikkert. Las Vegas by night var spektakulært, men som med mange byer her borte, så var ikkje Las Vegas bortsett frå akkurat The Strip noko særleg å skryte av. Men Las Vegas by night: en eventyrverden!


Bellagio med sitt fantastisk vannfonteneshow, kjent frå blant anna slutten av Oceans Thirteen. Her spiste vi middag på nyttårsaftan...min dyraste middag nokon sinne, men verdt det! Hadde forrett til 400 kr, krabber frå Florida! Digg var det heldigvis:)



The Strip sett frå Luxor, eit av dei sørlegaste hotella. Ser Stratosphere oppe til høgre (det høge tårnet).

2 kommentarer: