I-week kan samanliknast med opptaket til ei militæravdeling på enkelte områder. Lite søvn, mykje å lære og mange fantasifulle aktivitetar er alt eg kan seie, då eg er bunden av tausheitsplikt mot å gi detaljar frå kva som skjer inne i fraternityet vårt. Det vart ei minnerik veke, der klassa vår av aspirantar vart sveisa godt saman, men kom oss gjennom som ”pledge class of one” og kan no sjå tilbake på det heile med eit smil om munnen. Det gjorde dessverre at skulen, som eg allereie var litt seint ute til vart litt nedprioritert denne veka. Fekk heldigvis tid til ein tur til Anna og Peter og til å ta Audun inn i landet for eit fallskjermhopp før han returnerte til litt kaldare ver i Trondheim.

Men etter gjennomført I-week kan eg endeleg seie at tilværelsen som det vi vil kalle aspirant i Pi Kappa Alpha er ferdig, og eg er no eit fullverdig og stolt medlem av fraternityet populært kalla Pike (”paik”) etter ein høgtidleg seremoni akkurat slik du ser for deg at den kunne vere og litt til (alt eg kan seie). Som start på mitt livslange medlemskap i dette ”brotherhood” fekk eg utlevert ein genser med mine første bokstavar (har ikkje hatt rett til å bere bokstavane før no) av storebroren min i gutteklubben. Er ein gjeng med alle tiders karer, og kjem til å ha mykje moro før eg forlet UCSD.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar