søndag 7. februar 2010

Hotel Stratosphere

Vi (eg, Audun og 6 frå Arendal) budde på Hotel Stratosphere. Det er ikkje av dei dyraste hotella, ligg i nordenden av The Strip (hovudgata), men har ein spektakulær utsikt frå toppen av tårnet som står på toppen av hotellet. Innvendig har ikkje hotellet noko slags spesielle sjåverdigheiter. Casinoet ser ut som alle dei andre hotellcasinoa, speleautomatar, blackjackbord, ruletter og crapsbord so langt auge kan sjå. Alltid nokre som er oppe og speler uansett kva tid på døgnet. Vegas er ei eiga lita verd. Utvendig, oppe på taket har derimot Hotel Stratosphere eit lite tivoli som byr på fantastisk utsikt og action laaangt over bakken.


I toppen av Hotel Stratosphere!














The Strip er langt fra like glamorøs i dagslys som i neonlys...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar