Det var mens eg finregna og leitte etter fag opp og ned og i mente at eg såg opninga for ein fantastisk moglegheit. Etter at Excel finkalkulerte litt på studiepoenga eg får etter å ta 5 fag dette quarteret og fått vite om ein spesiell regel for utenlandsstudentar har det plutseleg blitt ei lita omvelting i planane mine framover. Etter at eksamenar for Winter quarter er unnagjort 20. mars sluttar eg p åUCSD og set kursen sørover mot karibiske øyer eller Latin-Amerika. Først skal eg ha spring break truleg i Mexico, så kjem onkel Morten og Richard på besøk om alt ordnar seg, men så set eg kursen for nye eventyr på eiga hand til eit spansktalande land for å lære spansk. 7,5 studiepoeng i spansk er nemleg akkurat det eg manglar for å kome heim utan hengefag, så San Diego, det var kjekt å vere her, men no er eg klar for nye opplevingar. 
Skal bli utruleg spanande å reise heilt åleine til eit nytt land og en ny kultur for å lære eit nytt språk! Etter at Costa Rica, Den Dominikanske Republikk og Panama alle har vore innom førsteplassen er det no Cuba som står øvst på lista over ønskjelege destinasjonar for det neste evetyret. Blir spanande og sjå kva som skjer!
Du e nå ein tøffing du. Flott att du finner på masse ting,men pass deg da.Er redd for deg veit du
SvarSlettEdda
Ej med vil til cuba!! Det haurast digg ut, du er heldig! Kos dej=)
SvarSlettTrude