lørdag 27. februar 2010

Monster Jam

Ein laurdag ettermiddag tok eg, Torgeir og Nils Petter turen til gigantiske Qualcomm stadion for vassekte amerikansk underhaldning. Det var duka for Monster Jam! Og vi vart ikkje skuffa. Galne amerikanere på tribuna og store bilar svarte til forventningane. Sjølv om det byrja litt døvt, men kappkøyring to og to, tok det seg kraftig opp med race med ca 20 gamle bilar. Ca 4-5 fullførte, mens resten gav publikum full valuta ved å gjere alt dei kunne for å knuffe og krasje flest mogleg før bilen ikkje gjekk lengre.
Høgdepunktet var likevel freestyle konkurransen for dei digre monster trucks. Dei hoppa, steila, hoppa enda høgare for å overgå kvarandre. Den ultimate avslutninga kom då endeleg ein av monsterbilane velta og publikum (meg inkludert) gjekk bananas av begeistring!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar