Ikkje alt for godt forberedt, men steike trøtte sto eg og Torgeir opp kl 03:45 ein søndags morgon og køyrde nordover til start i Carlsbad Marathon. Målet var 3:20, med andre ord pers på eit kvarter frå Ålesund Maraton med Vebjørn eit par juler sidan. Temperaturen var perfekt, startfeltet stort og inspirerande og vi starta ut friskt ilag med 3:10 gruppa. Eg er nok litt tung for langdistanseløping, så hamna litt etter i bakkane opp mot vending, men tok igjen gruppa og Torgeir og sprang ifrå når eg fekk brukt g-kreftene i riktig retning nedover bakkane. Torgeir tok meg igjen mot slutten, og vi løp saman, i sakte film og med ubeskriveleg slitne bein over mål, 26 miles (42km) og 3 timar, 14 minutt og 7 sekund etter start. Ei tid eg er veldig nøgd med. Plasseringa vart og bra. Enda opp på 51. plass av 1094 startande totalt, og på 3. plass av 40 i klassa 18-24 år. Etter at vi klarte å bevege føtne att (to dagar seinare) var vi einige om at det var kult å ha gjennomført, trass at dei siste 3 miles var nokre av dei mest slitsomme i mitt liv.


Bileta er tekne av fotografar som stod ute i løypa, det første frå den deilege målstreken:)
Smeis! imponert? neiss! d e no du=) Flenk!
SvarSlett