Las Vegas I dagslys er langt frå det same som Las Vegas etter solnedgang, men det var artig å gå langs The Strip og gå innom alle hotella og sjå. Bellagio var “classy” og eksklusivt, på Luxor låg romma I pyramideform inne i hotellet, Excalibur ser ut som eit slot, The Venetian (min favoritt) har kanalar med gondolar I, Mirage hadde løver i hotellet osv. Dei har jaggu gjort seg litt flid med hotella i den byen! Det må dessverre og nemnast at Audun ikkje fekk den same opplevinga av Vegas. Han måtte nøye seg med hotellromsveggar dei første par dagane, etter å vakne opp og vere temmeleg dårleg første dag i Vegas. Han vart frisk til David Copperfield showet heldigvis.

Hotel New York, New York i dagslys.

Fabulous Las Vegas, det berømte skiltet!
RETTELSE.....
SvarSletthei sondre. kanon konsert med karane steen med flere,du sku ha vert her å jazza med. j&e