fredag 12. februar 2010

Vinter

Arizona gav oss og ein smakebit på at heile USA ikkje er som California. Det var rett og slett bitande kaldt. Heldigvis var det stort sett bart på vegane sidan vi køyrde på 8 år gamle sommardekk. Temperaturen gjekk ned mot 15-20 blå på natta, og sjølv om vi ikkje fekk nedbør, så fekk vi oppleve både slush og snø under føtene. Men 6 månader med 15 grader pluss, pluss, pluss framom meg, så var det eigentleg heilt ok med litt friskt innenlandsklima. Opplevde dessutan folk som hakket meir hyggjelege litt lenger inn i landet enn i bortskjemte California. Ei overnatting fekk vi Flagstaff, som var ein liten by, kor vi blant anna åt på alltid deilege Outback Steakhouse og såg meget underhaldande Sherlock Holmes på kino!



Ble ikke til at vi brukte badebassenget...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar