torsdag 11. februar 2010

Hoover Dam

Første stopp etter Las Vegas vart enorme Hoover Dam. Hoover Dam er ei gigantisk demning, som produserar ufatteleg mykje straum og var rett og slett imponerande. Vi parkerte bilen, gjekk utpå demninga og kunne kike ganske langt rett ned. Nokre hugsar kanskje at Bond, James Bond skyt ei scene frå Hoover Dam i Golden Eye. Dammen var kul, men ikkje verdt meir enn eit times stopp og turen fortsette vidare. Hoover Dam markerte og grensa for min fjerde stat i USA. Hadde New York frå før, California er sjølvsagt besøkt, Las Vegas er i Nevada og no køyrde vi inn i Arizona, the Grand Canyon State.


Ingen tvil om at det var langt ned!!

1 kommentar: