fredag 26. februar 2010

Cheesecake Factory og Avatar IMAX 3D

Det går fint å nyte livet her i San Diego og, trass at temperaturen er litt for låg til strandliv anna en surfing. Blant tilboda er Cheesecake Factory, som har mottatt dessertprisar i mange år på rad, og med god grunn. Dei lagar heilt vanvittig gode kaker, noko som gjer at ein kakeelskar lett venter en time på å få eit bord kor ein kan meske seg med kakestykker med fleire kaloriar enn ein normal norsk middagsporsjon (nokre opp imot ein full dagsrasjon)!

Besøkte og IMAX 3D-kinoen i Mira Mesa for ei fantastisk filmoppleving. Eit enormt lerret og 3D visning, gjorde Avatar til ei oppleving utover ei vanleg kinooppleving. Framtida for film, utan tvil!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar