Brusbutikken var nesten høgdepunktet. Nemn ein smak, eg utfordrar deg: Nemn kva som helst, og dei har det. Min favoritt vart brus med agurksmak, men blant det andre eg kjøpte var, rosesmak, mandarinbrus, sjokoladebrus og eg hugsar rett og slett ikkje alt. Det var i alle fall fleire hundre hyllemeter med brus og øl i alle tenkjelege smaker.
Hollywood Boulevard hadde eg sett før, men Magic Castle var storarta. Magic Castle er den mest eksklusive/berømte/høgt akta magikerklubben i verda, og vi var så heldige å få vere med som Vidar sine gjester. Kleskode er dress med slips, så stilen er det ingen ting å seie på. Slottet ser ut som eit slott, og det første rommet du kjem inn i er eit bibliotek utan dør vidare. Eg fekk seie den magiske frasa til ei ugle på veggen, og ei bokhylle seig til side og opna det magiske slottet for oss. Der inne fekk vi med oss fire forskjellige trylleshow, med fantastiske effektar og humor, i tillegg til det magiske pianoet Irma. Mitt i ein samtale er det berre å henvende seg til Irma og spørje fint om ho kan kva som helst slags song, og i dei fleste tilfeller får du songen du spurde om i eit fiffig arrangement. Ikkje mindre enn magisk.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar