tirsdag 2. februar 2010

Hyttetur/Ekspedisjon

Dag 2 i mi forseinka bloggdagbok og eg er on track:)

Etter skikøyring på Bjorli ”hooka” eg opp med Richard for ein liten ekspedisjon, etter planen frå Tunga til Pyttbua. Som alle andre planar vart denne og raskt endra. Vi starta ut i mørket, en utruleg fin kveld med 15-20 blå og topp skiføre og endra etter nokre kilometer destinasjon til å verte Vakkerstøylen. Ved hjelp av gode navigasjonsferdigheiter, eit kart på et A4 ark frå Google (og GPS) fann vi lett fram. Eit lite skår i gleda var at hytta var låst, trass lovnader frå viltoppsynsmann om opa dør. Heldigvis var ”hundehuset” ope, med ei lita seng og en parafinomn, så natta vart slett ikkje verst.

Neste dag vart sjølve hovedhytta nøye saumfart for moglegheit for å bryte seg inn. Det var magisk då eg klatra opp på taket og fann eitt vindauge med gamaldagse hasper der eg akkurat fekk lurt samekniven inn og lirka av haspa. Vindauget var akkurat stort nok til at vi kom oss inn, og det neste døgnet vart tilbrakt framom peisen, berre avbrøte av turar inn på kjøkenet eller spiskammeret for å hente gastronomiske godbitar. Eit alle tiders døgn, fulgt av nok en herleg skitur tilbake til sivilisasjonen i topp norsk vinterver!


Dessverre hadde eg lagt att kameraet i bilen, så dette er berre eit stemningsbilete.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar