fredag 12. februar 2010

Grand Canyon

Her kjem eit bonusinnlegg sidan eg reiser til Vegas(!) idag og blir der til mandag:

Grand Canyon er blant Amerika sine mest berømte sjåverdigheiter, og den skuffa ikkje. Omtrent ut av ingenting var det plutseleg slutt på furuskogen og vi kunne sjå utover eit fantastisk mektig landskap. Veret var og heilt upåklageleg. Framleis snø på bakken, men strålande sol gav eit heilt ypperleg påskever, og dagen kunne nytast i t-skjorte og ispigger under skoa. Synsinntrykka og landskapet vart nytt til det fulle på ein 5-6 timar gåtur ned langs ein rygg mot bunnen av ”canyonen”. Etter tallrike advarslar mot alvorleg skade og død om ein freister å gå opp og ned på same dag, gjekk vi ikkje heilt ned, men tok det med ro ned fjellsida og naut utsikta. Kan godt vere eg returnerar for å rafte ned Colorado-elva i botnen av Grand Canyon og ned til Hoover Dam. Hadde vore fantastisk i eit så mektig og vakkert landskap. Ta en tur!


2 kommentarer:

  1. Heia ! Fantastiske bilde igjen Sondre,kjekt for oss heime å følge med på kvar du ferdast.
    Dokke va no uheldig med kjøyretyet då....
    Håper alt går bra med deg og ha det forsatt kjempebra!
    oss på Flem

    SvarSlett