For dei som måtte vere interessert i det, kjem her eit lite innlegg om kva slags fag eg skal ta på skulen dette quarteret...
Etter kvart har eg og kome i gong med litt skulearbeid. Fekk til slutt, etter noko prøving og feiling, bestemt meg for 5 fag eg skal ta dette quarteret. Grunnen til at eg tek 5 fag, når normal studiebelastning er 3, kjem eg tilbake til i neste innlegg. Faga er i alle fall følgjande:
Corporate Finance – ganske interessant og kjekt til no. Ikkje for vanskeleg.
Linear Systems Fundamentals – kan oversetjast til signalbehandling på norsk, og er eit teknisk emne, som igrunn berre består av ganske avansert matematikk. Slit litt her.
Data Networks II – Ein heilt håplaus, men veldig triveleg indianer som forelesar. Ikkje pensum, ei internettside med kun eit par Wikipedia-linkar gjer dette faget til ei utfordring. Handlar i hovudsak til no om routingalgoritmer, oppbygning av netverk etter det lille eg har fått med meg.
Operations Research – optimering av funksjonar. I praksis å finne ut kor mykje ein skal produsere av ditt og datt for å tene mest mogleg. Liker foreleseren, faget og vanskelegheitsgraden.
Mathematics of Finance – etter kvart som eg får meir og meir taket på det, finn eg faget meir og meir interessant. Regner på strategiar for investering i aksjar, opsjonar og bonds, med ein del meir eller mindre forståelege matematiske formlar og begrep.
Alt i alt ei fagsamansetning eg er nøgd med. Til min store tilfredsstillelse kjenner eg at eg likar dei økonomiske faga betre og betre, noko som er svært godt å kjenne sidan det trass alt det er det utdanninga mi i hovudsak skal dreie seg om.
I skrivande stund er tre midterms unnagjort, med litt blanda suksess, men med full innsats vidare trur eg det skal bli eit bra quarter. Eg er i alle fall opp tidleg. Med klokka på 6:30 kvar einaste dag, sit eg på skulebenken når klokka slår 8 måndag til fredag, klar for å få valuta for skulepengane. Ein er trass alt ikkje i California for å surfe!!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Du er ein dyktig ung mann Sondre,fantastisk!!
SvarSlettDu jobber hardt og fortjener også surfing.!
Kos deg og ta med deg alle opplevelsane du får.
Oss he trua på deg.
Klem