mandag 21. september 2009
Surf's up!
Det som stod overst på handlelista etter at leiligheita var i boks og skapa fylde opp (bread making machine vart riktignok kjøpt først) va naturlegvis surfebrett. Etter grundig research på nett og med tips frå Peter som eg budde hos første veka her borte visste eg kva slags brett ein fersking som meg bor ha i byrjinga. Peter anbefalte eit 7 til 9 fots brett, med rund nase for god oppdrift. Eg fann ein distributor på nettet som låg langt under prisane til alle butikkane her på Mission Beach og Pacific Beach og avtalte eit møte. Torgeir og Vidar var med og vi gjekk derfrå med kvart sitt splitter nye surfebrett. Det har blitt flittig brukt med 1 til 2 økter kvar einaste dag. Ikkje lett i byrjinga! For å kome deg ut til der bølgane bryt må du gjennom ganske mange bølgar som bryt over deg med bra trøkk...ikkje alltid så greit liggande på eit gjenstridig surfebrett, men har taket på det no! Fantastisk artig når ein verkeleg kjenner at brettet får litt fart på bolgen og du har balansen eit lite sekund for du blir kasta ned i bølgekaoset att! Flotte strender her med lifeguardhus jamnt bortover og fin sand! Vi ser til og med delfinar nær kvar dag svømmande forbi rett utforbi der i surfar! Ikkje vanskeleg å venne seg til dette livet her...kom å prov det ut! 728 Venice ct. har overnattingsplass og det er billege flybillettar for tida!
Ready to hit the big wave!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Betalte for brettet og kor? Lyst å kjøpe gave til kjæresten min:)
SvarSlettNo blir oss heime misunnla,det veit du vell..berre nyt det du!
SvarSlett