Til tross for fredag og skulefri stod vekkerklokka på 6am i dag au. På dagsorden stod nemleg DMV, Department for MotorVehicles som er frykta og berykta blant alle amerikanera for sine køer. Til tross for at eg, Torgeir og Vidar var der en time før åpningstid var det godt med folk framom oss i køa. Ventetida vart brukt til å byrje å lese meg opp til dei komande teoriprøvane i tillegg til at ein predikant dukka opp i lag med sonen sin og underhaldt oss heile ventetimen. Når dørene opna gjekk køa overraskande fort og for 28 USD tok eg teoriprøva til bil og motorsykkel(!). Billappen gjekk greit, mens eg måtte ha 3 forsøk før eg fekk "passed" på teorien til motorsykkel...skulle kanskje berre mangle då eg aldri har sete på ein sykkel før og langt mindre veit noko om korleis ein fører ein slik doning. Har i alle fall ein gyldig lapp som no gjev meg lov til å køyre motorsykkel i USA so lenge eg parkerar før det bli mørkt og held meg unna Freeways. Sjukt, men sant! Om eg kjem til å våge å benytte meg av moglegheita vil tida vise...
Top Gun er spelt inn berre nokre miles unna, så slik ser dokke meg om ei lita stund...
Må vel kjøre opp før det bli nokke kjøring?
SvarSlettGRATULERE !ÅÅÅÅÅ...det e Fantastisk Sondre..
SvarSlett