onsdag 16. september 2009

Dag 6: Highway 1 og Big Basin Redwood

Dag 6: Torsdag 10. September – Etter ei natt på sofaen til jill og Christoffer satte Malibuen vår kursen for San Francisco. Køyrde vakre Highway 1 oppover langs kysten og fekk sjå flott landskap med alt frå sandstrender, store ranchar, litt ørken, nesten norsk furuskog til bratte fjellsider og klippeformasjonar. Turen gjekk og innom Big Basin State Park der oss sjekka ut massive Redwoodtrær på opptil 100 meter i høgde og 2000 år i alder, hos henholdsvis ”The Mother Tree” og ”The Father Tree”. Vel framme i SanFran tok vi inn på det som har blitt stam-motell-kjeden vår, Motel 6.



Obligatorisk som det er når ein kjem over store tre måtte vi prøve å lage ei rekke for å bevise at treet var so stort at vi ikkje nådde rundt!












Ikkje so veldig stort egentlig, men 2000 år gamalt ca...










Vi kom fram etter det hadde blitt ganske bekmørkt. Etter å ha fortalt oss at vi var crazy gjentatte gonger var desse tokarane kjekke og peika ut veien til dei store trea for oss.

2 kommentarer:

  1. Kjekt at du krydrer med bilder! :)

    SvarSlett
  2. Heftige tre detta der! :)
    Kvalliken te 4.div e forresten sikra!

    SvarSlett