mandag 21. september 2009
Første skuledag
Torsdag 17. september. Første skuledag!! I dag tidleg etter å ha trokla oss gjennom morgenrushet ut fra PB møtte vi på UCSD for vår første skuledag. Dagen bestod av ein rundtur på deler av campus (campus er heilt enorm med fleire bussruter som berre tek deg rundt inne på campus). Turen var konsentrert rundt Extension delen som var der vi fekk første del av orienteringa og gjekk innom eit av idrettssentera, mange restauranter og biblioteket. Fantastisk flott campus, godt å sjå at skulepengene vi betaler gjeng til noko fornuftig. Fekk og ein god gjennomgang i prosessen på å få fag ved UCSD for oss Extension studenter. Og det vert nok ikkje berre berre skal eg seie dykk. For datafaga må ein springe rundt til professorar og departement for å skaffe seg stempel og underskrifter, for managementfaga står vi langt ned på ei venteliste og fer mail om vi kjem inn eller ikkje. Økonomifaga er ei enda verre historie, dei er so populære at vi må dagleg sjekke ei venteliste og så ligge i søvepøse natta før 12. oktober for å kapre dei eventuelt ledige plassane. So det vi må gjere er å gå i so mange timar som mogleg framover og so håpe på at vi får plass på fire av faga vi freister lukka på. Vi vart og advart mot å freiste å ta meir enn 12 credits per quarter, noko som blir vanskeleg å unngaa då laanekassa og NTNU krev at vi tek 16 credits. So akkurat no er eg litt spent på korleis skulekvardagen kjem til å verte framover, men det ordnar seg nok. Gjer alltid det!
Biblioteket
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar