onsdag 9. september 2009

Dag 4: Beverly Hills og Jimmy Kimmel Live

Tirsdagen og dag nummer 4 på roadtripen starta med en joggetur. Eg og Torgeir køyrde opp mot det berømte Hollywood-skiltet i fjellsida over byen. Fekk vite av en meksikaner at det var ca 5 miles (8 km) opp og tok laust. Godt å kjenne hjartet pumpe litt igjen og en kjempetur! Såg ei coyote på vei opp. Ikkje mykje redd for folk dyra i millionbyen. Bokstavane var digre og "City of Angels"/LA var eit imponerande syn frå toppen av Hollywood Mountain! Trossa eit nettinggjerde og et par advarslar og gjekk heilt ned til bokstavane. Tenkte vi måtte ha eit bilde frå framsida og skulle til å bevege oss frå bak O-en til framsida av LL-ane då alarmen gjekk. Kvapp til av ulinga, såg opp og rett inn i eit kamera og skunda oss litt opp skråninga og tilbake på stien. Tydlegvis ikkje så populært med to gutar som stenger for litt av LL-ane…
Vel nede igjen tok vi fram Map of the Stars-kartet eg kjøpte dagen i forvegen og satte oss i bilen. Målet var dei eksklusive områda i byen og å sjå nokre kjendisboligar. Køyrde stort sett mellom Sunset Boulevard og Santa Monica Boulevard gjennom Beverly Hills og Bel Air. Såg mange fine hus, men av dei mest eksklusive boligane såg vi mest stengde portar og enormt høge hekkar. Den mest imponerende eigedomen var Hugh Hefner sitt Playboy Mansion som hadde dei høgste og lengste hekkane eg noken sinne har sett!!
På kvelden hadde vi billetter til Jimmy Kimmel Show, eit talkshow som og sendes på TV i Noreg. Verkeleg artig å sete i salen under innspelinga som var uhyre profesjonell. Showet sendes ikkje lengre live etter at ein gjest stødde om seg med litt for mange banneord ein gong, men innspelinga var fortsatt akkurat som om det skulle vere eit live show! Kveldens gjester var Jennifer Connelly og Jeffrey Ross, henholdsvis skodespelar og amerikansk komiker. Jennifer var vakker og Jeffrey fekk trimma lattermusklane våre! Showet endte med en miniatyrkonsert ute med Boys Like Girls som var ganske bra!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar