Mandag 7. September: I dag mandag var det tidleg opp. Universal Studios stod på programmet og som god sunnmøring skal då heile dagen utnyttast. Slo til på et halvårspass til 10 dollar mindre enn prisen for en dagsbillett og eit flittig brukt All-You-Can-Eat pass. (Tilbudet gjaldt berre ekte Californiera, som oss). Parken var enorm og inneheldt bl.a. Krustyland med ein utruleg bra Simpson berg og dal bane simulator, Mummy – the ride, ei innendørs berg og dal bane, eit forrykande pyroteknisk show med flammar og eksplosjonar som i en ekte brannmannfilm, eit spesialeffektshow som var litt kjedeleg, studio tour der vi så gein del kulisser som husa til Frustrerte Fruer og krasj-siten til War of the Worlds, ei slags Jurrasic Park tømmerrenne, ein musikal og sist men ikkje minst WaterWorld. Hit gjekk vi litt slitne etter dagens strabasar heilt til slutt og utan særlege forventningar. Men det var eit rått show. Dei herja på Vann-jets/vann-scooter, tok backflips fra 10 meter, alt perfekt koordinert med små marginer. I finalen kom eit stort fly og landa mitt i den lille pytten som danna scena i ein gigantisk eksplosjon – ekte Hollywood stil!!
Vel tilbake på motellet slappa vi litt av, før vi gjekk og tok vår første pils på ein pub i Hollywood Boulevard og såg Inglourious Basterds på kino. Kul film, som kan anbefalast!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar