mandag 28. september 2009

Første professorunderskrift

Onsdag 23. september. Då er mitt første Concurrent Enrollment Card signert. Det gjer meg innrullert til CSE124 Networked Services, eit Komm.Tek. fag med ein indisk-amerikansk pratande professer og mykje programmering, fortrinnsvis i C++, eit språk eg ikkje har hatt tidlegare. Dette gjer at eg egentlig ikkje er so gira på å ta laust på dette faget, men er ikkje sikker på eg har noko val. Eg treng pengane frå lånekassa og i denne fagkabalen må eg samle alle korta eg fer hende på trur eg. Ein skal ikkje vere redd for ei lita utfordring heller!

I boks!

1 kommentar:

  1. Ta med deg alt du kan og har trua på det er fornuftig...ta utfordringa visst du meiner det er det rette.Du er så flink Sondre,eg har trua!!.Stolt på dine vegne!

    SvarSlett