Fredag 25. september. Fredagskvelden inviterte to svenske karar alle Extension students ved UCSD til heimefest i leiligheita si. Sprekt, og kanskje sprekare enn dei hadde tenkt seg. Det var ikkje mange ledige kvadratmetera att på verken golv eller veranda/trapp etter at fleire og fleire dukka opp ut over kvelden. Å treffe på ein amerikaner i folkehavet var sjelden vare. Festen dokumenterte at vi er ganske mange skandinavar (og nokre tyskarar) på UCSD i år. Sjølv om det er litt kult å treffe amerikanarar når ein først er her var det og triveleg med nye skandinaviske fjes.
Kvelden endte i kjend stil frå TV med at to politibilar rulla opp utanfor huset og at to politifolk entra kåken og myndig ga alle beskjed om at festen var over. Bestemte og bevæpna som dei var var det ingen som motsa seg det og ferda gjekk vidare.

Jaggu dukka det ikkje opp ta karar som desse og ba oss bestemt om fare ein annan plass.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar