tirsdag 15. september 2009

Dag 9: Six Flags Magic Mountain og iPhone

Søndag 13. September: På slutten av dagen vart dette ranka som den beste dagen under opphaldet so langt! Den starta på Six Flags Magic Mountain, ein enorm og kjend fornøyelsespark litt nord for L.A. Oss hadde vore innom dagen før og forsikra oss om at sesongen var over og at køene ikkje kom til å bli so lange og dei hadde pinadø rett. Spesielt på starten av dagen rusla oss (småsprang til den første i rein adrenalinrus) rett frå attraksjon til attraksjon. Og det var litt av nokre berg-og-dal-baner dei hadde snekra saman skal eg seie dykk! Variasjonane var mange; blant dei som bør nemnast var liggande-på-magen-i-bøylen-rollercoaster (småspennande på toppen for en som liker andre ting betre enn store høgder), ståande rollercoaster og ikkje minst X2 der setet snurra 360 grader rundt underveis i tillegg til dei obligatoriske loops, cork screws etc. Tok også ørten ”vanlige” rollercoasters med plenty av looper og cork screws – dei fleste var verdas største/raskaste på en eller annan måte i sitt slag. Nokre hadde kjent att den eine frå introen til Step By Step på TVNorge. Hyggeleg var det og at Jill og Christopher tok turen frå Santa Barbara og var med på mykje av moroa. Dei ga seg litt tidligare då dei ikkje kunne bruke opp alle overraskingane første dagen av sesongkortet sitt.
Etter Six Flags bar det rett til AT&T for å dra kredittkortet for å bli eigar av ein av desse fantastiske verktøya kalla iPhones. Litt dyrt var og blir det, men er ”in love” allereie – ikkje ein ting eg ikkje kan gjere/finne ut av i løpet av sekund kor som helst i nesten heile verda no! Eit bra punktum for ein bra dag og ein særs innhaldsrik road trip i USA!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar