Berre ein kjapp innføring i geografien i California og rundt San Diego spesielt.
California er USA sin mest folkerike stat og har noko sånt som den 5. eller 7. største økonomien i verden.
Av dei store byane har vi San Francisco lengst nord, så Los Angeles og så San Diego.
Områda nord for San Diego heiter i rekkefølge frå nord mot sør:
Carlsbad - fint støk der Anna og Peter bor - dei vi bodde hos den første veka.
La Jolla - idyllsik, fint strøk med fine klipper og strender. Eit av USAs meir eksklusive plassar og bu. Her ligg skulen, UCSD. Kjempelokasjon nesten ved stranda.
Pacific Beach - her bur dei unge. Veldig god atmosfære - avslappa og med mykje liv og surfere på stranda og i gatene på kveldstid. Her skal vi bu etterkvart.
Mission Beach - idyllisk halvøyliknande strøk med bukta i øst og havet og stranda i vest. Her skal vi bu 1,5 mnd. Masse ferieleiligheter og kjempekoselige små gater rett på stranda.
So kjem San Diego Downtown og deretter meir eller mindre Mexico!!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar