søndag 13. september 2009

Dag 7: San Francisco

Fredag 11. September – Parkerte bilen nede ved San Franciscos kjende Fishermans Wharf nede på brygga. Gårsdagens seine ankomst gav oss eit skeivt syn på byen (bokstavelig talt også). Vi spaserte berre rundt eit kvartal for å finne ein restaurant, men det var nok til å møte titals shabby personar, gå forbi to tvilsomme barer, ein med reklame for damer, en med reklame for lekre gutar. Strøket var i det heile litt tvilsomt. Neste morgon når vi ankom San Francisco si brygge vart inntrykket snudd på hovudet. Her var det eit yrande folkeliv rundt dei gamle sjappene som tilbød sjømat, krabbe og fersk fisk i mengder. Etter å ha vandra langs brygga og kjøpt billettar til Alcatraz tok vi en sprek sykkeltaxi til næraste Cable Car haldepass. So tok vi Cable Car opp til Chinatown. Fascinerende både med kabeltrikken og Chinatown, som verkeleg var en liten by i byen der alle skilt var på kinesisk, og majoriteten av folk i gatene var små kinesera. Turen til Alcatraz var eit høgdepunkt. Historisk sus å gå inne i fengselsblokkene der amerikas mest berømte gangsters, som Al Capone og Machine Gun Kelly sona sine straffer i ei knøttlita celle omringa av kaldt vatn og sterke strømmer. Eit kult besøk! Vel i land åt vi på ein fiskerestaurant før vi tok den mest kjende Cable Car-gata. Artig å sjå igjen gata kor alle biljakter i filmar frå SanFran skjer – bakkane opp frå havet går trappevis med fantastisk utsikt rett ut mot Alcatraz heile tida. På toppen hadde kabeltrikken fått nok og streika. Vi måtte dermed gå nedatt.

1 kommentar:

  1. heh! d ej la mest merke t her va at du skreiv "en bar med reklame for dame og en med reklame for LEKRE gutar"
    skukje lekre ver før damer?
    heh!

    SvarSlett