onsdag 9. september 2009

Dag 2: City of Angels

Søndag 6. September – Tok laust frå Motel 6 i Irvine frå morgon med kurs for kysten igjen. Passerte gjennom Orange County Newport (kjent bl.a. frå The O.C.), Huntington Beach og Long Beach før mj parkerte vel Marina Del Rey og tok en titt på noken ta dei 5200 båtane som ligg der. Ei stor småbåthamn med vanvittig mange seglbåtar! Etter det var det under ei ”mile” til oss byrja tråling etter parkeringsplass ved Venice Beach. Tok til slutt sjansen på en 2 timersplass og gjekk via dei kule kanalane på Venice ned til den berømte stranda. Etter frokost og eit bad gjekk mj langs strandpromenaden. Masse folk både til fots, på sykkel (nær alle på ”cruiser”s) og rollerblades akkurat slik ein ser på tv laga frå desse strendene. Blant sjåverdigheitene langs vatnet kan det nemnast ein konkurranse kalla SuperGirl der jenter herja på skateboard i ein liten park og på rail på snowboard, sjølvsagt på snøv. Kule saker! Passerte og eit område der mange ekte LA-era spelte streetbasket og handball (som squash uten racket). Såg og ein gym der folk trente litt, men den berømte gymmen på Venice Beach der storegutta løfter frivektene sine til folks forlystelse såg vi aldri noko til dessverre. Drosjesjåføren som køyrde oss tilbake til bilen hadde heller aldri høyrd om den…eit mysterium som må finnast ut av! Venice Beach glei etterkvart over i Santa Monica Beach som var ganske lik. Kjende igjen miljøet frå Pacific Blue og Baywatch. Lifeguard tårna på stranda var kule, mens Lifeguard Headquarter var noke meir moderne enn i Baywatch. Legendariske Santa Monica Pier med tivoliet sitt vart og sjekka ut. Herleg atmosfære nede på stranda her. Uendeleg lang strand med deilig sand, gode bølger og masse folk!
Hollywood! Sjekka så inn på Motel 6 Hollywood! Det låg meget sentralt eit lite steinkast (kjem an på kven som kastar) frå Hollywood Boulevard. Gjekk ca heile Hollywood Boulevard fram og tilbake. Der er her fortauet langs heile gata på begge sider er dekt med dei berømte stjernene kor store Hollywood personar gjennom tidene fer gravert inn namna sine. Fann ein del kjende namn, foreviga dei sjølvsagt til kameraet sitt minnekort og besøkte mellom anna eit stort kjøpesenter der vi gjekk opp nokre etasjar og kunne sjå Hollywood skiltet oppe i fjellsida. Senteret innehaldt og Kodak Theater der Oscar utdelingane finn stad! Etter pizza tok vi på oss finstasen frå outlet stores dagen før og sjekka ut Hollywood by night. Vart med å gå langs gata og sjå på køene inn til ganske eksklusive klubbar. Mange gigantiske Limousinar, store dørvakter og sikkerheitsfolk og jenter i fine kjolar og sjå!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar