Mandag 14. September: Då var road trippen over og vi var tilbake i kjende trakter att. På dagens program stod besøk i banken for aktivisering av kredittkort, innflytting i leiligheita og storinnkjøp på CostCo. Det mest fascinerende var gigapakningane på CostCo. Der finst alt utelukkende i enorme pakninga, so oss gjor innkjøp av div vaskemiddel og andre husholdningsartiklar til eit heilt årsforbruk ved å ta med oss ei pakke av kvar ting. Fylde og sjølvsagt kjøleskap og fryser med godsaker til en billeg peng. Etter knallharde forhandlingar flytta eg inn på rommet med dobbeltsenga, mens dei to andre deler ei køyeseng i det andre soverommet. Meget nøgd med kåken so langt, og en spasertur langs strandpromenaden på kvelden bekrefta at omgivelsane er heilt prima! God natt, frå 728 Venice Court, Mission Beach, California! Gler meg til første natt i eiga leiligheit!

Eit årsforbruk tørkerullar og shampoo i eit enkelt innkjøp...rasjonelt!

Bortsett frå at shampooflaska er for stor til å få plass i dusjen er ho fin!
savner bilder
SvarSlett