Høgdepunktet var likevel freestyle konkurransen for dei digre monster trucks. Dei hoppa, steila, hoppa enda høgare for å overgå kvarandre. Den ultimate avslutninga kom då endeleg ein av monsterbilane velta og publikum (meg inkludert) gjekk bananas av begeistring!
lørdag 27. februar 2010
Monster Jam
Ein laurdag ettermiddag tok eg, Torgeir og Nils Petter turen til gigantiske Qualcomm stadion for vassekte amerikansk underhaldning. Det var duka for Monster Jam! Og vi vart ikkje skuffa. Galne amerikanere på tribuna og store bilar svarte til forventningane. Sjølv om det byrja litt døvt, men kappkøyring to og to, tok det seg kraftig opp med race med ca 20 gamle bilar. Ca 4-5 fullførte, mens resten gav publikum full valuta ved å gjere alt dei kunne for å knuffe og krasje flest mogleg før bilen ikkje gjekk lengre.
Høgdepunktet var likevel freestyle konkurransen for dei digre monster trucks. Dei hoppa, steila, hoppa enda høgare for å overgå kvarandre. Den ultimate avslutninga kom då endeleg ein av monsterbilane velta og publikum (meg inkludert) gjekk bananas av begeistring!

Høgdepunktet var likevel freestyle konkurransen for dei digre monster trucks. Dei hoppa, steila, hoppa enda høgare for å overgå kvarandre. Den ultimate avslutninga kom då endeleg ein av monsterbilane velta og publikum (meg inkludert) gjekk bananas av begeistring!
fredag 26. februar 2010
Cheesecake Factory og Avatar IMAX 3D
Det går fint å nyte livet her i San Diego og, trass at temperaturen er litt for låg til strandliv anna en surfing. Blant tilboda er Cheesecake Factory, som har mottatt dessertprisar i mange år på rad, og med god grunn. Dei lagar heilt vanvittig gode kaker, noko som gjer at ein kakeelskar lett venter en time på å få eit bord kor ein kan meske seg med kakestykker med fleire kaloriar enn ein normal norsk middagsporsjon (nokre opp imot ein full dagsrasjon)!Besøkte og IMAX 3D-kinoen i Mira Mesa for ei fantastisk filmoppleving. Eit enormt lerret og 3D visning, gjorde Avatar til ei oppleving utover ei vanleg kinooppleving. Framtida for film, utan tvil!
onsdag 24. februar 2010
Framtidsplaner
Det var mens eg finregna og leitte etter fag opp og ned og i mente at eg såg opninga for ein fantastisk moglegheit. Etter at Excel finkalkulerte litt på studiepoenga eg får etter å ta 5 fag dette quarteret og fått vite om ein spesiell regel for utenlandsstudentar har det plutseleg blitt ei lita omvelting i planane mine framover. Etter at eksamenar for Winter quarter er unnagjort 20. mars sluttar eg p åUCSD og set kursen sørover mot karibiske øyer eller Latin-Amerika. Først skal eg ha spring break truleg i Mexico, så kjem onkel Morten og Richard på besøk om alt ordnar seg, men så set eg kursen for nye eventyr på eiga hand til eit spansktalande land for å lære spansk. 7,5 studiepoeng i spansk er nemleg akkurat det eg manglar for å kome heim utan hengefag, så San Diego, det var kjekt å vere her, men no er eg klar for nye opplevingar. 
Skal bli utruleg spanande å reise heilt åleine til eit nytt land og en ny kultur for å lære eit nytt språk! Etter at Costa Rica, Den Dominikanske Republikk og Panama alle har vore innom førsteplassen er det no Cuba som står øvst på lista over ønskjelege destinasjonar for det neste evetyret. Blir spanande og sjå kva som skjer!
Fagleg oppdatering
For dei som måtte vere interessert i det, kjem her eit lite innlegg om kva slags fag eg skal ta på skulen dette quarteret...
Etter kvart har eg og kome i gong med litt skulearbeid. Fekk til slutt, etter noko prøving og feiling, bestemt meg for 5 fag eg skal ta dette quarteret. Grunnen til at eg tek 5 fag, når normal studiebelastning er 3, kjem eg tilbake til i neste innlegg. Faga er i alle fall følgjande:
Corporate Finance – ganske interessant og kjekt til no. Ikkje for vanskeleg.
Linear Systems Fundamentals – kan oversetjast til signalbehandling på norsk, og er eit teknisk emne, som igrunn berre består av ganske avansert matematikk. Slit litt her.
Data Networks II – Ein heilt håplaus, men veldig triveleg indianer som forelesar. Ikkje pensum, ei internettside med kun eit par Wikipedia-linkar gjer dette faget til ei utfordring. Handlar i hovudsak til no om routingalgoritmer, oppbygning av netverk etter det lille eg har fått med meg.
Operations Research – optimering av funksjonar. I praksis å finne ut kor mykje ein skal produsere av ditt og datt for å tene mest mogleg. Liker foreleseren, faget og vanskelegheitsgraden.
Mathematics of Finance – etter kvart som eg får meir og meir taket på det, finn eg faget meir og meir interessant. Regner på strategiar for investering i aksjar, opsjonar og bonds, med ein del meir eller mindre forståelege matematiske formlar og begrep.
Alt i alt ei fagsamansetning eg er nøgd med. Til min store tilfredsstillelse kjenner eg at eg likar dei økonomiske faga betre og betre, noko som er svært godt å kjenne sidan det trass alt det er det utdanninga mi i hovudsak skal dreie seg om.
I skrivande stund er tre midterms unnagjort, med litt blanda suksess, men med full innsats vidare trur eg det skal bli eit bra quarter. Eg er i alle fall opp tidleg. Med klokka på 6:30 kvar einaste dag, sit eg på skulebenken når klokka slår 8 måndag til fredag, klar for å få valuta for skulepengane. Ein er trass alt ikkje i California for å surfe!!

Brusbutikk og Magic Castle
Brusbutikken var nesten høgdepunktet. Nemn ein smak, eg utfordrar deg: Nemn kva som helst, og dei har det. Min favoritt vart brus med agurksmak, men blant det andre eg kjøpte var, rosesmak, mandarinbrus, sjokoladebrus og eg hugsar rett og slett ikkje alt. Det var i alle fall fleire hundre hyllemeter med brus og øl i alle tenkjelege smaker.
Hollywood Boulevard hadde eg sett før, men Magic Castle var storarta. Magic Castle er den mest eksklusive/berømte/høgt akta magikerklubben i verda, og vi var så heldige å få vere med som Vidar sine gjester. Kleskode er dress med slips, så stilen er det ingen ting å seie på. Slottet ser ut som eit slott, og det første rommet du kjem inn i er eit bibliotek utan dør vidare. Eg fekk seie den magiske frasa til ei ugle på veggen, og ei bokhylle seig til side og opna det magiske slottet for oss. Der inne fekk vi med oss fire forskjellige trylleshow, med fantastiske effektar og humor, i tillegg til det magiske pianoet Irma. Mitt i ein samtale er det berre å henvende seg til Irma og spørje fint om ho kan kva som helst slags song, og i dei fleste tilfeller får du songen du spurde om i eit fiffig arrangement. Ikkje mindre enn magisk.
Pi Kappa Alpha
Då har eg endeleg fått skaffa meg nettverkskabel og historia om Winter quarter ved UCSD kan fortsette...
I-week kan samanliknast med opptaket til ei militæravdeling på enkelte områder. Lite søvn, mykje å lære og mange fantasifulle aktivitetar er alt eg kan seie, då eg er bunden av tausheitsplikt mot å gi detaljar frå kva som skjer inne i fraternityet vårt. Det vart ei minnerik veke, der klassa vår av aspirantar vart sveisa godt saman, men kom oss gjennom som ”pledge class of one” og kan no sjå tilbake på det heile med eit smil om munnen. Det gjorde dessverre at skulen, som eg allereie var litt seint ute til vart litt nedprioritert denne veka. Fekk heldigvis tid til ein tur til Anna og Peter og til å ta Audun inn i landet for eit fallskjermhopp før han returnerte til litt kaldare ver i Trondheim.

Men etter gjennomført I-week kan eg endeleg seie at tilværelsen som det vi vil kalle aspirant i Pi Kappa Alpha er ferdig, og eg er no eit fullverdig og stolt medlem av fraternityet populært kalla Pike (”paik”) etter ein høgtidleg seremoni akkurat slik du ser for deg at den kunne vere og litt til (alt eg kan seie). Som start på mitt livslange medlemskap i dette ”brotherhood” fekk eg utlevert ein genser med mine første bokstavar (har ikkje hatt rett til å bere bokstavane før no) av storebroren min i gutteklubben. Er ein gjeng med alle tiders karer, og kjem til å ha mykje moro før eg forlet UCSD.

onsdag 17. februar 2010
Yuma og biltrøbbel
Eit par innlegg til frå den forseinka dagboka. Nettverkskortet til PCen gjekk dessverre fløyten ila Vegas-weekenden, so kan bli litt verre å få oppdatert blogg framover...time will show... Hadde det i alle høve moro i Vegas i helga! meir kjem...
Yuma vart siste overnattingsstopp på roadtripen vår. ”3:10 til Yuma” er namnet på ein Western-film og stort sett det einaste det er verdt å seie om Yuma. Det var meir eller mindre berre eit veikryss med ørten motell og nokre restaurantar. Motel 6 svikta som alltid ikkje, og Yuma blir berre hugsa som det siste stoppet på en minnerik roadtrip. Har fått sansen for reisemåten roadtrip. Er befriande å vakne opp kvar dag utan å vite akkurat kor ferda går eller kor ein skal overnatte neste kveld. Men no blir det nok ei stund til neste tur! Skulen ventar.
Joda, biltrøbbel fekk vi og. Litt sjølvforskyldt, men langt frå heilt. På vei frå Grand Canyon til Flagstaff endte vi opp i lag med sikkert fleire tusen skientusiastar som var på vei ned frå fjellet etter siste helga i juleferien. Etter 3-4 timar i kø var bilen tom for bensin, og vi sto i veikanten 7 miles (ca ei mil) unna Flagstaff. Etter fåfengte forsøk på å spørje passerande biler, fekk eg skyss inn til Flagstaff, fekk bensin og byrja og trakke tilbake. Fekk til slutt haik på bagasjeplanet til ein ”truck”, men bilen starta ikkje og vi fekk til slutt hjelp av ein hyggjeleg politimann til å ringe etter tidenes kuleste tauebil.
Etter dette hadde bensinmålaren tydelegvis fått seg ein liten stuss, for midt på freewayen på vei frå Yuma til San Diego sto vi bom stille igjen. Ein fantastisk hjelpsam mexikaner sugde og spytta bensin og lånte oss litt bensin frå sin tank (hjerteleg takk for forsøket), men bilen starta igjen ikkje med berre eit par gallon på tanken, og det vart tauebil igjen. Dette gjorde at vi vart for sein til å få hoppa fallskjerm, men Audun fekk tatt igjen det seinare, så ingen sure miner. Høyrer med til ein fullverdig roadtrip!

Meg bak rattet og eit par bilete frå landskapet!

fredag 12. februar 2010
Grand Canyon
Her kjem eit bonusinnlegg sidan eg reiser til Vegas(!) idag og blir der til mandag:
Grand Canyon er blant Amerika sine mest berømte sjåverdigheiter, og den skuffa ikkje. Omtrent ut av ingenting var det plutseleg slutt på furuskogen og vi kunne sjå utover eit fantastisk mektig landskap. Veret var og heilt upåklageleg. Framleis snø på bakken, men strålande sol gav eit heilt ypperleg påskever, og dagen kunne nytast i t-skjorte og ispigger under skoa. Synsinntrykka og landskapet vart nytt til det fulle på ein 5-6 timar gåtur ned langs ein rygg mot bunnen av ”canyonen”. Etter tallrike advarslar mot alvorleg skade og død om ein freister å gå opp og ned på same dag, gjekk vi ikkje heilt ned, men tok det med ro ned fjellsida og naut utsikta. Kan godt vere eg returnerar for å rafte ned Colorado-elva i botnen av Grand Canyon og ned til Hoover Dam. Hadde vore fantastisk i eit så mektig og vakkert landskap. Ta en tur!

Vinter
Arizona gav oss og ein smakebit på at heile USA ikkje er som California. Det var rett og slett bitande kaldt. Heldigvis var det stort sett bart på vegane sidan vi køyrde på 8 år gamle sommardekk. Temperaturen gjekk ned mot 15-20 blå på natta, og sjølv om vi ikkje fekk nedbør, så fekk vi oppleve både slush og snø under føtene. Men 6 månader med 15 grader pluss, pluss, pluss framom meg, så var det eigentleg heilt ok med litt friskt innenlandsklima. Opplevde dessutan folk som hakket meir hyggjelege litt lenger inn i landet enn i bortskjemte California. Ei overnatting fekk vi Flagstaff, som var ein liten by, kor vi blant anna åt på alltid deilege Outback Steakhouse og såg meget underhaldande Sherlock Holmes på kino!

Ble ikke til at vi brukte badebassenget...

torsdag 11. februar 2010
Hoover Dam
Første stopp etter Las Vegas vart enorme Hoover Dam. Hoover Dam er ei gigantisk demning, som produserar ufatteleg mykje straum og var rett og slett imponerande. Vi parkerte bilen, gjekk utpå demninga og kunne kike ganske langt rett ned. Nokre hugsar kanskje at Bond, James Bond skyt ei scene frå Hoover Dam i Golden Eye. Dammen var kul, men ikkje verdt meir enn eit times stopp og turen fortsette vidare. Hoover Dam markerte og grensa for min fjerde stat i USA. Hadde New York frå før, California er sjølvsagt besøkt, Las Vegas er i Nevada og no køyrde vi inn i Arizona, the Grand Canyon State.

Ingen tvil om at det var langt ned!!
Ingen tvil om at det var langt ned!!
tirsdag 9. februar 2010
10 dollar i pluss!!
Nyttårsaftan går eg forbi i stillheit. Vi åt eit fantastisk måltid på Bellagio tidleg på kvelden, men en time etter det vart eg sjuk og drog tilbake til hotellet. Nok om det. Dagen etter var det tid for å sjekke ut, og eg kunne nøgd gå i veksleautomaten i hotellets casino og veksle inn spelesjekken min og hente ut 10 amerikanske dollar i utbytte frå opphaldet totalt. Godt nøgd med å ha lurt Las Vegas for 10 dollar og sikkert ikkje lagt igjen meir enn nokre tusen norske på andre ting starta eg bilen igjen og sette kursen mot aust for nye opplevingar i mindre urbane strøk. Men Vegas, eg kjem tilbake!
mandag 8. februar 2010
Ka og David Copperfield
Ka er et av showene Cirque de Soleil står bak og var verkeleg spektakulært. Titalls akrobatar/dansere, bevegelig scene, ei uforståeleg handling, men eit spektakulært show totalt sett gjorde showet nesten verdt inngangsbilletten. Okey, så tykte eg det var litt overprisa, men showet var overdådig og verkeleg imponerande. Større en noko show eg har sett tidlegare!

Om eg tykte Ka skuffa litt, så svarte David Copperfield heilt klart til forventningane! Han er kanskje ikkje like ernergisk som i si storheitstid på 80-90-talet, då han gjekk gjennom den kinesiske mur, trylla vekk friheitsgudinna og forsvann ned ein foss inni ei kiste, men han drog fram nokre spektakulære triks. Vi fekk sjå nokre lekre close-up triks, et fantastisk tankeleser triks, men aller mest imponerande var det når han ut av ingenting trylla fram ein bil mitt på scena! Copperfield er rå!

søndag 7. februar 2010
Las Vegas by day
Beklager manglende laurdagsinnlegg! Her kjem eit ekstra...
Las Vegas I dagslys er langt frå det same som Las Vegas etter solnedgang, men det var artig å gå langs The Strip og gå innom alle hotella og sjå. Bellagio var “classy” og eksklusivt, på Luxor låg romma I pyramideform inne i hotellet, Excalibur ser ut som eit slot, The Venetian (min favoritt) har kanalar med gondolar I, Mirage hadde løver i hotellet osv. Dei har jaggu gjort seg litt flid med hotella i den byen! Det må dessverre og nemnast at Audun ikkje fekk den same opplevinga av Vegas. Han måtte nøye seg med hotellromsveggar dei første par dagane, etter å vakne opp og vere temmeleg dårleg første dag i Vegas. Han vart frisk til David Copperfield showet heldigvis.

Hotel New York, New York i dagslys.

Fabulous Las Vegas, det berømte skiltet!

Hotel Stratosphere
Vi (eg, Audun og 6 frå Arendal) budde på Hotel Stratosphere. Det er ikkje av dei dyraste hotella, ligg i nordenden av The Strip (hovudgata), men har ein spektakulær utsikt frå toppen av tårnet som står på toppen av hotellet. Innvendig har ikkje hotellet noko slags spesielle sjåverdigheiter. Casinoet ser ut som alle dei andre hotellcasinoa, speleautomatar, blackjackbord, ruletter og crapsbord so langt auge kan sjå. Alltid nokre som er oppe og speler uansett kva tid på døgnet. Vegas er ei eiga lita verd. Utvendig, oppe på taket har derimot Hotel Stratosphere eit lite tivoli som byr på fantastisk utsikt og action laaangt over bakken.

I toppen av Hotel Stratosphere!

The Strip er langt fra like glamorøs i dagslys som i neonlys...

fredag 5. februar 2010
Las Vegas by night
Vi fulgte reisehandboka sitt råd og passa på å køyre inn i Las Vegas etter mørkets frembrudd. Spektakulært og køyre nordover på The Strip i eit hav av neonlys mellom alle dei berømte hotella, til no berre kjend frå utallege TV serier og filmar. Ein ting er i alle høve sikkert. Las Vegas by night var spektakulært, men som med mange byer her borte, så var ikkje Las Vegas bortsett frå akkurat The Strip noko særleg å skryte av. Men Las Vegas by night: en eventyrverden!

Bellagio med sitt fantastisk vannfonteneshow, kjent frå blant anna slutten av Oceans Thirteen. Her spiste vi middag på nyttårsaftan...min dyraste middag nokon sinne, men verdt det! Hadde forrett til 400 kr, krabber frå Florida! Digg var det heldigvis:)

The Strip sett frå Luxor, eit av dei sørlegaste hotella. Ser Stratosphere oppe til høgre (det høge tårnet).

torsdag 4. februar 2010
Calico ghost town
Calico ghost town var eit stopp på veien mot ”Sin City”, Las Vegas. Det var ein gamal gruveby, no turistattraksjon og ein ekte cowbyby rett og slett. Likte byen (ei gate) og stemninga dei gamle bygga gav særs godt! Det andre stoppet vi gjorde var på Las Vegas Premium Outlets der det største kjøpet vart ein lekker Hugo Boss dress.

tirsdag 2. februar 2010
Back to California
28. desember vart nasen vendt mot amerikas vestkyst att. Med på turen var Audun, og reisa gjekk bra bortsett frå at vi mista bagasjen ved ankomst San Diego. Etter ei natt i San Diego satte vi oss i bilen med kurs for Las Vegas, Nevada.
Landskapet endra seg opptil fleire gonger, sjølv om øde ørken kan gå som ein fellesnemnar for dei fleste av ”mile”-ene. Kjekt å ha roadtripfølelsen att dog. Sjølv om vi trass alt visste kor vi skulle tilbringe dei første tre nettene, er det alltid kjekt å vere på veien på vei mot ukjente mål uten alt for mykje planlagt!

Ikkje heilt som å køyre på Sunnmøre...

Hyttetur/Ekspedisjon
Dag 2 i mi forseinka bloggdagbok og eg er on track:)
Etter skikøyring på Bjorli ”hooka” eg opp med Richard for ein liten ekspedisjon, etter planen frå Tunga til Pyttbua. Som alle andre planar vart denne og raskt endra. Vi starta ut i mørket, en utruleg fin kveld med 15-20 blå og topp skiføre og endra etter nokre kilometer destinasjon til å verte Vakkerstøylen. Ved hjelp av gode navigasjonsferdigheiter, eit kart på et A4 ark frå Google (og GPS) fann vi lett fram. Eit lite skår i gleda var at hytta var låst, trass lovnader frå viltoppsynsmann om opa dør. Heldigvis var ”hundehuset” ope, med ei lita seng og en parafinomn, så natta vart slett ikkje verst.
Neste dag vart sjølve hovedhytta nøye saumfart for moglegheit for å bryte seg inn. Det var magisk då eg klatra opp på taket og fann eitt vindauge med gamaldagse hasper der eg akkurat fekk lurt samekniven inn og lirka av haspa. Vindauget var akkurat stort nok til at vi kom oss inn, og det neste døgnet vart tilbrakt framom peisen, berre avbrøte av turar inn på kjøkenet eller spiskammeret for å hente gastronomiske godbitar. Eit alle tiders døgn, fulgt av nok en herleg skitur tilbake til sivilisasjonen i topp norsk vinterver!

Dessverre hadde eg lagt att kameraet i bilen, så dette er berre eit stemningsbilete.

Abonner på:
Kommentarer (Atom)