tirsdag 29. september 2009

Huset i 728 Venice Ct.,

Her kjem nokre bilete frå huset vårt i 728 Venice Ct. på Mission Beach.
Eg likar huset svært godt, sjølv om det er litt gamalt. Det er lite og koseleg og her på Mission Beach lev vi i ei boble. 50 meter til stranda og fint ver kvar dag med ei fantastisk roleg og hærleg atmosfære.




Stova. Sofaen kan forresten gjerast om til to lenestolar og ei dubbelseng på ein gong!










Kjøken.









Bad













Den lille hagen vår. Lite sol her, so mest brukt til voksing av surfebrett og litt grilling.











Her bur Torgeir og Vidar.












Og her bur eg...

mandag 28. september 2009

Støvsugerparken til Wal-Mart

Ladies and gentlemen, I present to you: Støvsugers!


Byrjar frå den billege enden...












Sportsmodellane












Dei meir tradisjonelle...













I give to you: DIRT DEVIL!!

















Verstingen!























Det ville ingen ende ta...

Tennis

Sportsutstyr er billeg her borte...i alle fall om ein ikkje kjøper so mykje av det...
Har i alle fall investert i ein Wilson N1 tennisracket, ein giga tennisbag og tennissko. Er no klar for å betre backhandvolleyen min! Har gratis tilgang på tenniscourts hjå UCSD etter å ha signa opp for treningskort, so planen er deltaking i US Open neste år!




Må bli bra med dette utstyret her!

Delfinane er tilbake!

Etter å ha savna dei nokre dagar kan eg no melde at delfinane er tilbake utanfor strendene på Mission Beach, CA! Var idag leikne som aldri før og hoppa og styra. Ganske kult!

Fer tatt so dårlege bilete frå surfebrettet sjølv, so måtte fuske litt her...

Første professorunderskrift

Onsdag 23. september. Då er mitt første Concurrent Enrollment Card signert. Det gjer meg innrullert til CSE124 Networked Services, eit Komm.Tek. fag med ein indisk-amerikansk pratande professer og mykje programmering, fortrinnsvis i C++, eit språk eg ikkje har hatt tidlegare. Dette gjer at eg egentlig ikkje er so gira på å ta laust på dette faget, men er ikkje sikker på eg har noko val. Eg treng pengane frå lånekassa og i denne fagkabalen må eg samle alle korta eg fer hende på trur eg. Ein skal ikkje vere redd for ei lita utfordring heller!

I boks!

Skandinavisk fest

Fredag 25. september. Fredagskvelden inviterte to svenske karar alle Extension students ved UCSD til heimefest i leiligheita si. Sprekt, og kanskje sprekare enn dei hadde tenkt seg. Det var ikkje mange ledige kvadratmetera att på verken golv eller veranda/trapp etter at fleire og fleire dukka opp ut over kvelden. Å treffe på ein amerikaner i folkehavet var sjelden vare. Festen dokumenterte at vi er ganske mange skandinavar (og nokre tyskarar) på UCSD i år. Sjølv om det er litt kult å treffe amerikanarar når ein først er her var det og triveleg med nye skandinaviske fjes.
Kvelden endte i kjend stil frå TV med at to politibilar rulla opp utanfor huset og at to politifolk entra kåken og myndig ga alle beskjed om at festen var over. Bestemte og bevæpna som dei var var det ingen som motsa seg det og ferda gjekk vidare.



Jaggu dukka det ikkje opp ta karar som desse og ba oss bestemt om fare ein annan plass.

PC is back!

28. september. Etter å ha slitt mange veker med en PC utan fungerande hard disk, haltande ved hjelp av Linux frå CD-ROM er endeleg PC oppe og går att. Massiv feilsøking med diverse program viste blant anna omfattande feil på hard disken, og etter å ha tapt mange auksjonar på eBay på ny brukt PC tok eg sjansen på å kjøpe ein ny hard disk i staden. Og jaggu vart ikkje PCen som ny att med ein einaste gong. Har mista ein del data som låg på hard disken, deriblant ein del bilete frå turen, men er i alle fall oppe og går igjen! Det vil dermed byrje å dukke opp litt blogginnlegg att framover.


Kjelda til mykje blod, svette, frustrasjon og tårer.

Teoriprøve

25. september.
Til tross for fredag og skulefri stod vekkerklokka på 6am i dag au. På dagsorden stod nemleg DMV, Department for MotorVehicles som er frykta og berykta blant alle amerikanera for sine køer. Til tross for at eg, Torgeir og Vidar var der en time før åpningstid var det godt med folk framom oss i køa. Ventetida vart brukt til å byrje å lese meg opp til dei komande teoriprøvane i tillegg til at ein predikant dukka opp i lag med sonen sin og underhaldt oss heile ventetimen. Når dørene opna gjekk køa overraskande fort og for 28 USD tok eg teoriprøva til bil og motorsykkel(!). Billappen gjekk greit, mens eg måtte ha 3 forsøk før eg fekk "passed" på teorien til motorsykkel...skulle kanskje berre mangle då eg aldri har sete på ein sykkel før og langt mindre veit noko om korleis ein fører ein slik doning. Har i alle fall ein gyldig lapp som no gjev meg lov til å køyre motorsykkel i USA so lenge eg parkerar før det bli mørkt og held meg unna Freeways. Sjukt, men sant! Om eg kjem til å våge å benytte meg av moglegheita vil tida vise...

Top Gun er spelt inn berre nokre miles unna, så slik ser dokke meg om ei lita stund...

Vaskedag

28. september.
No er vaskelista hengd opp på kjøleskapet og den viste at denne søndagen var det min tur å stå for støvsuginga. Sidan dette var første vaskedag innebar det at eg var den heldige som fekk pakke ut og prøvekøyre den nye doningen vår for første gong. Med dobbelt innsug, kraftige frontlys og grommare motorlyd enn det Chevyen vår har var det nesten stas å dure over gølva bak den nye støvsugaren vår!


El Støvsugo Gigante

mandag 21. september 2009

Surf's up!

Det som stod overst på handlelista etter at leiligheita var i boks og skapa fylde opp (bread making machine vart riktignok kjøpt først) va naturlegvis surfebrett. Etter grundig research på nett og med tips frå Peter som eg budde hos første veka her borte visste eg kva slags brett ein fersking som meg bor ha i byrjinga. Peter anbefalte eit 7 til 9 fots brett, med rund nase for god oppdrift. Eg fann ein distributor på nettet som låg langt under prisane til alle butikkane her på Mission Beach og Pacific Beach og avtalte eit møte. Torgeir og Vidar var med og vi gjekk derfrå med kvart sitt splitter nye surfebrett. Det har blitt flittig brukt med 1 til 2 økter kvar einaste dag. Ikkje lett i byrjinga! For å kome deg ut til der bølgane bryt må du gjennom ganske mange bølgar som bryt over deg med bra trøkk...ikkje alltid så greit liggande på eit gjenstridig surfebrett, men har taket på det no! Fantastisk artig når ein verkeleg kjenner at brettet får litt fart på bolgen og du har balansen eit lite sekund for du blir kasta ned i bølgekaoset att! Flotte strender her med lifeguardhus jamnt bortover og fin sand! Vi ser til og med delfinar nær kvar dag svømmande forbi rett utforbi der i surfar! Ikkje vanskeleg å venne seg til dette livet her...kom å prov det ut! 728 Venice ct. har overnattingsplass og det er billege flybillettar for tida!

Ready to hit the big wave!

Adresseoppdatering

Adressa mi fram til den 24. oktober kjem til å vere fylgjande:

728 Venice Ct., San Diego, CA 92109, USA


Klikk her for å sjå kor eg bur!

So stikk gjerne innom ein tur om du er i nærleiken en dag!!!

Forste veke med californiske rutiner

Onsdag 16. september - Sondag 20. september
Bortsett frå særskilde småhappenings nemnt i andre innelegg på bloggen har vi no hatt våre første rolige dagar i amerika. Vi er fortsatt relativt tidleg oppe om morgonen for å få med oss morgonbølgene. Har vore relativt slappe surfebølger desse dagane, men surfing er best tidleg på morgon og på kvelden so det er tidleg opp, kanskje jogge en tur før det er rett ut for eit par timar kavande rundt i bølgeskummet. Det kjem seg sakte men sikkert, fer mindre og mindre bank av bølgane som sler over meg og øker stadig brettida per bølge med eit par tidelar.
Resten av dagen går blant anna med til frustrasjon over PCen som har streika og nektar å fungere til tross for plenty av forskjellige triks for å blidgjere han kvar dag. Kostholdet har betra seg. Vi lagar no mat heime, bakar 2 til 3 broed kvar dag. Til no har det gått i kyllingfilet som er latterlig billeg her, burger og deilig kjøt som er nesten like billeg. Grilling i den lille hagen vår i går ilag med Nils Petter og Lise som skal ha dei samme Kommunikasjonteknologifaga som meg her borte.

Los tres amigos living in 728 Venice Ct.

Rådgivning

Fredag 18. september. I dag var det tid for personleg rådgivningstime på UCSD. Dei som er tilsett for å hjelpe Extension studentar er utruleg hyggjelege og meir enn villege til å hjelpe. Kvarteret var imidlertid ganske unyttig. Fekk bibilotekkort og internettaksess, elles ikkje mykje anna vettugt.

Første skuledag

Torsdag 17. september. Første skuledag!! I dag tidleg etter å ha trokla oss gjennom morgenrushet ut fra PB møtte vi på UCSD for vår første skuledag. Dagen bestod av ein rundtur på deler av campus (campus er heilt enorm med fleire bussruter som berre tek deg rundt inne på campus). Turen var konsentrert rundt Extension delen som var der vi fekk første del av orienteringa og gjekk innom eit av idrettssentera, mange restauranter og biblioteket. Fantastisk flott campus, godt å sjå at skulepengene vi betaler gjeng til noko fornuftig. Fekk og ein god gjennomgang i prosessen på å få fag ved UCSD for oss Extension studenter. Og det vert nok ikkje berre berre skal eg seie dykk. For datafaga må ein springe rundt til professorar og departement for å skaffe seg stempel og underskrifter, for managementfaga står vi langt ned på ei venteliste og fer mail om vi kjem inn eller ikkje. Økonomifaga er ei enda verre historie, dei er so populære at vi må dagleg sjekke ei venteliste og så ligge i søvepøse natta før 12. oktober for å kapre dei eventuelt ledige plassane. So det vi må gjere er å gå i so mange timar som mogleg framover og so håpe på at vi får plass på fire av faga vi freister lukka på. Vi vart og advart mot å freiste å ta meir enn 12 credits per quarter, noko som blir vanskeleg å unngaa då laanekassa og NTNU krev at vi tek 16 credits. So akkurat no er eg litt spent på korleis skulekvardagen kjem til å verte framover, men det ordnar seg nok. Gjer alltid det!

Biblioteket

onsdag 16. september 2009

Dag 6: Highway 1 og Big Basin Redwood

Dag 6: Torsdag 10. September – Etter ei natt på sofaen til jill og Christoffer satte Malibuen vår kursen for San Francisco. Køyrde vakre Highway 1 oppover langs kysten og fekk sjå flott landskap med alt frå sandstrender, store ranchar, litt ørken, nesten norsk furuskog til bratte fjellsider og klippeformasjonar. Turen gjekk og innom Big Basin State Park der oss sjekka ut massive Redwoodtrær på opptil 100 meter i høgde og 2000 år i alder, hos henholdsvis ”The Mother Tree” og ”The Father Tree”. Vel framme i SanFran tok vi inn på det som har blitt stam-motell-kjeden vår, Motel 6.



Obligatorisk som det er når ein kjem over store tre måtte vi prøve å lage ei rekke for å bevise at treet var so stort at vi ikkje nådde rundt!












Ikkje so veldig stort egentlig, men 2000 år gamalt ca...










Vi kom fram etter det hadde blitt ganske bekmørkt. Etter å ha fortalt oss at vi var crazy gjentatte gonger var desse tokarane kjekke og peika ut veien til dei store trea for oss.

Brødbakemaskin

Tirsdag 15. September: Starta dagen med en joggetur til enden av Mission Beach. Gatene som gjeng på tvers av stranda langs heile Mission har namn med forbokstaver i alfabetisk rekkefølge, so etter å ha tatt stranda først var det lett å vite kor langt det var igjen på vei tilbake! Deretter leitte vi byen rundt etter brødbakemaskin etter å ha blitt grundig lei av brødutvalet USA har å tilby etter ein dag. Fann til slutt eit vidunder på Wal-Mart i Carlsbad som i skrivande stund blir testa ut på kjøkenbenken. Høge forhåpningar!


Her ser dykk vidunderet som skal sørge for ferske brød til frokost kvar dag framover!

tirsdag 15. september 2009

Dag 9: Six Flags Magic Mountain og iPhone

Søndag 13. September: På slutten av dagen vart dette ranka som den beste dagen under opphaldet so langt! Den starta på Six Flags Magic Mountain, ein enorm og kjend fornøyelsespark litt nord for L.A. Oss hadde vore innom dagen før og forsikra oss om at sesongen var over og at køene ikkje kom til å bli so lange og dei hadde pinadø rett. Spesielt på starten av dagen rusla oss (småsprang til den første i rein adrenalinrus) rett frå attraksjon til attraksjon. Og det var litt av nokre berg-og-dal-baner dei hadde snekra saman skal eg seie dykk! Variasjonane var mange; blant dei som bør nemnast var liggande-på-magen-i-bøylen-rollercoaster (småspennande på toppen for en som liker andre ting betre enn store høgder), ståande rollercoaster og ikkje minst X2 der setet snurra 360 grader rundt underveis i tillegg til dei obligatoriske loops, cork screws etc. Tok også ørten ”vanlige” rollercoasters med plenty av looper og cork screws – dei fleste var verdas største/raskaste på en eller annan måte i sitt slag. Nokre hadde kjent att den eine frå introen til Step By Step på TVNorge. Hyggeleg var det og at Jill og Christopher tok turen frå Santa Barbara og var med på mykje av moroa. Dei ga seg litt tidligare då dei ikkje kunne bruke opp alle overraskingane første dagen av sesongkortet sitt.
Etter Six Flags bar det rett til AT&T for å dra kredittkortet for å bli eigar av ein av desse fantastiske verktøya kalla iPhones. Litt dyrt var og blir det, men er ”in love” allereie – ikkje ein ting eg ikkje kan gjere/finne ut av i løpet av sekund kor som helst i nesten heile verda no! Eit bra punktum for ein bra dag og ein særs innhaldsrik road trip i USA!

Tilbake til kvardagen og innflytting

Mandag 14. September: Då var road trippen over og vi var tilbake i kjende trakter att. På dagens program stod besøk i banken for aktivisering av kredittkort, innflytting i leiligheita og storinnkjøp på CostCo. Det mest fascinerende var gigapakningane på CostCo. Der finst alt utelukkende i enorme pakninga, so oss gjor innkjøp av div vaskemiddel og andre husholdningsartiklar til eit heilt årsforbruk ved å ta med oss ei pakke av kvar ting. Fylde og sjølvsagt kjøleskap og fryser med godsaker til en billeg peng. Etter knallharde forhandlingar flytta eg inn på rommet med dobbeltsenga, mens dei to andre deler ei køyeseng i det andre soverommet. Meget nøgd med kåken so langt, og en spasertur langs strandpromenaden på kvelden bekrefta at omgivelsane er heilt prima! God natt, frå 728 Venice Court, Mission Beach, California! Gler meg til første natt i eiga leiligheit!



Eit årsforbruk tørkerullar og shampoo i eit enkelt innkjøp...rasjonelt!



Bortsett frå at shampooflaska er for stor til å få plass i dusjen er ho fin!

Mitt nummer

For dei som kunne tenke seg å slå på tråden er telefonnummeret mitt det komande året fylgjande:
1 (760) 855-5822

Give me a call sometime!

mandag 14. september 2009

iPhone

I dag ble dette utrolige verktøyet kalla iPhone anskaffa! Eg har allereie falt pladask. Dette er mitt første post frå tlf, men dette nye underverket gjer også blogging lettare framover!

søndag 13. september 2009

Dag 5: Santa Barbara

Onsdag 9. September – Rolig dag. Kom oss etter hvert ut av LA med kurs for Santa Barbara. Der traff vi først noen indøkere som skal gå på UCSB og dro ned på stranda. Santa Barbara var en veldig liten by med avslappa stemning. Avstanden fra Campus og ned til stranda var kort og vi tenkte at fire i baksetet måtte gå greit for en liten tur. Det tykte imidlertid ikkje den kvinnelege politibetjenten som plutselig lå på hjul. Når ho skrudde på lysa på taket hadde oss ikkje anna val enn å køyre rolig ut på veiskuldra og stoppe. Om det var sjarm eller full forvirring med at Vidar i baksetet eig bilen, Torgeir som køyrde kun har norsk førerkort, mens eg som sat i høgre framsete har betalt forsikringa veit eg ikkje, men oss fekk heldigvis fortsette etter at to av jentene hoppa ut og gjekk dei siste par hundre meterane. Traff deretter bl.a. Jill og Christoffer som og skal gå på UCSB. Dei tok oss med på Chilis som hadde meget velsmakande kylling tacos bl.a. før kvelden vart avslutta i festleg lag med en del nordmenn på Woodstock, med ølprisar på 5 USD for den første Budweiseren, men påfyll for 1 dollar. Sjokkerende stengetider einaste…baren som kun hadde norske gjestar denne kvelden skjønte lite då kroken vart satt på døra ved midnatt, men lite var det å gjere med det og dermed var dagen over.



Meg, Torgeir og Vidar (las tres roadtrippers) utanfor huset til Chris og Jill.








Meg, Sveinung, Signy, Victoria og Vidar, alle represanter for indøk 3. klasse på stranda i Santa Barbara.













Eg låg på sofaen til Christopher og Jill. Dei har hatt innbrot tidlegare, so eg væpna meg med eit aluminiumsballtre i tilfelle gjentaking...

Dag 8: San Francisco til LA

Lørdag 12. September – På vei sørover fra SanFran mot englenes by igjen køyrde vi litt inn i landet for å sjå landskapet der. På veien stoppa vi blant anna i ein innsjø og bada, samt besøkte Tula Elk Reserve som viste seg å vere eit lite inngjerda område med nokre få tre og nokre dyr gåande langt utpå sletta – vart eit kort besøk. Tok inn på Motel 6 (sjølvklart) litt nord for L.A. og er klar for Six Flags Magic Mountain i morgo i lag med Jill og Christoffer.



Torgeir og Vidar framom innsjøen vi nytta til eit velfortent bad underveis!








Warning!

Dag 7: San Francisco

Fredag 11. September – Parkerte bilen nede ved San Franciscos kjende Fishermans Wharf nede på brygga. Gårsdagens seine ankomst gav oss eit skeivt syn på byen (bokstavelig talt også). Vi spaserte berre rundt eit kvartal for å finne ein restaurant, men det var nok til å møte titals shabby personar, gå forbi to tvilsomme barer, ein med reklame for damer, en med reklame for lekre gutar. Strøket var i det heile litt tvilsomt. Neste morgon når vi ankom San Francisco si brygge vart inntrykket snudd på hovudet. Her var det eit yrande folkeliv rundt dei gamle sjappene som tilbød sjømat, krabbe og fersk fisk i mengder. Etter å ha vandra langs brygga og kjøpt billettar til Alcatraz tok vi en sprek sykkeltaxi til næraste Cable Car haldepass. So tok vi Cable Car opp til Chinatown. Fascinerende både med kabeltrikken og Chinatown, som verkeleg var en liten by i byen der alle skilt var på kinesisk, og majoriteten av folk i gatene var små kinesera. Turen til Alcatraz var eit høgdepunkt. Historisk sus å gå inne i fengselsblokkene der amerikas mest berømte gangsters, som Al Capone og Machine Gun Kelly sona sine straffer i ei knøttlita celle omringa av kaldt vatn og sterke strømmer. Eit kult besøk! Vel i land åt vi på ein fiskerestaurant før vi tok den mest kjende Cable Car-gata. Artig å sjå igjen gata kor alle biljakter i filmar frå SanFran skjer – bakkane opp frå havet går trappevis med fantastisk utsikt rett ut mot Alcatraz heile tida. På toppen hadde kabeltrikken fått nok og streika. Vi måtte dermed gå nedatt.

onsdag 9. september 2009

Nye innlegg ute!

Har no lagt ut innlegg frå alle dagane til no! Sjå under eldre innlegg eller i menyen til venstre for å få med deg alle. Du kan eventuelt vente ein dag eller to til dei kjem med bilete!

Kjapp innføring i geografi

Berre ein kjapp innføring i geografien i California og rundt San Diego spesielt.
California er USA sin mest folkerike stat og har noko sånt som den 5. eller 7. største økonomien i verden.
Av dei store byane har vi San Francisco lengst nord, så Los Angeles og så San Diego.

Områda nord for San Diego heiter i rekkefølge frå nord mot sør:
Carlsbad - fint støk der Anna og Peter bor - dei vi bodde hos den første veka.
La Jolla - idyllsik, fint strøk med fine klipper og strender. Eit av USAs meir eksklusive plassar og bu. Her ligg skulen, UCSD. Kjempelokasjon nesten ved stranda.
Pacific Beach - her bur dei unge. Veldig god atmosfære - avslappa og med mykje liv og surfere på stranda og i gatene på kveldstid. Her skal vi bu etterkvart.
Mission Beach - idyllisk halvøyliknande strøk med bukta i øst og havet og stranda i vest. Her skal vi bu 1,5 mnd. Masse ferieleiligheter og kjempekoselige små gater rett på stranda.
So kjem San Diego Downtown og deretter meir eller mindre Mexico!!

Dag 4: Beverly Hills og Jimmy Kimmel Live

Tirsdagen og dag nummer 4 på roadtripen starta med en joggetur. Eg og Torgeir køyrde opp mot det berømte Hollywood-skiltet i fjellsida over byen. Fekk vite av en meksikaner at det var ca 5 miles (8 km) opp og tok laust. Godt å kjenne hjartet pumpe litt igjen og en kjempetur! Såg ei coyote på vei opp. Ikkje mykje redd for folk dyra i millionbyen. Bokstavane var digre og "City of Angels"/LA var eit imponerande syn frå toppen av Hollywood Mountain! Trossa eit nettinggjerde og et par advarslar og gjekk heilt ned til bokstavane. Tenkte vi måtte ha eit bilde frå framsida og skulle til å bevege oss frå bak O-en til framsida av LL-ane då alarmen gjekk. Kvapp til av ulinga, såg opp og rett inn i eit kamera og skunda oss litt opp skråninga og tilbake på stien. Tydlegvis ikkje så populært med to gutar som stenger for litt av LL-ane…
Vel nede igjen tok vi fram Map of the Stars-kartet eg kjøpte dagen i forvegen og satte oss i bilen. Målet var dei eksklusive områda i byen og å sjå nokre kjendisboligar. Køyrde stort sett mellom Sunset Boulevard og Santa Monica Boulevard gjennom Beverly Hills og Bel Air. Såg mange fine hus, men av dei mest eksklusive boligane såg vi mest stengde portar og enormt høge hekkar. Den mest imponerende eigedomen var Hugh Hefner sitt Playboy Mansion som hadde dei høgste og lengste hekkane eg noken sinne har sett!!
På kvelden hadde vi billetter til Jimmy Kimmel Show, eit talkshow som og sendes på TV i Noreg. Verkeleg artig å sete i salen under innspelinga som var uhyre profesjonell. Showet sendes ikkje lengre live etter at ein gjest stødde om seg med litt for mange banneord ein gong, men innspelinga var fortsatt akkurat som om det skulle vere eit live show! Kveldens gjester var Jennifer Connelly og Jeffrey Ross, henholdsvis skodespelar og amerikansk komiker. Jennifer var vakker og Jeffrey fekk trimma lattermusklane våre! Showet endte med en miniatyrkonsert ute med Boys Like Girls som var ganske bra!

Dag 3: Universal Studios

Mandag 7. September: I dag mandag var det tidleg opp. Universal Studios stod på programmet og som god sunnmøring skal då heile dagen utnyttast. Slo til på et halvårspass til 10 dollar mindre enn prisen for en dagsbillett og eit flittig brukt All-You-Can-Eat pass. (Tilbudet gjaldt berre ekte Californiera, som oss). Parken var enorm og inneheldt bl.a. Krustyland med ein utruleg bra Simpson berg og dal bane simulator, Mummy – the ride, ei innendørs berg og dal bane, eit forrykande pyroteknisk show med flammar og eksplosjonar som i en ekte brannmannfilm, eit spesialeffektshow som var litt kjedeleg, studio tour der vi så gein del kulisser som husa til Frustrerte Fruer og krasj-siten til War of the Worlds, ei slags Jurrasic Park tømmerrenne, ein musikal og sist men ikkje minst WaterWorld. Hit gjekk vi litt slitne etter dagens strabasar heilt til slutt og utan særlege forventningar. Men det var eit rått show. Dei herja på Vann-jets/vann-scooter, tok backflips fra 10 meter, alt perfekt koordinert med små marginer. I finalen kom eit stort fly og landa mitt i den lille pytten som danna scena i ein gigantisk eksplosjon – ekte Hollywood stil!!
Vel tilbake på motellet slappa vi litt av, før vi gjekk og tok vår første pils på ein pub i Hollywood Boulevard og såg Inglourious Basterds på kino. Kul film, som kan anbefalast!

Dag 2: City of Angels

Søndag 6. September – Tok laust frå Motel 6 i Irvine frå morgon med kurs for kysten igjen. Passerte gjennom Orange County Newport (kjent bl.a. frå The O.C.), Huntington Beach og Long Beach før mj parkerte vel Marina Del Rey og tok en titt på noken ta dei 5200 båtane som ligg der. Ei stor småbåthamn med vanvittig mange seglbåtar! Etter det var det under ei ”mile” til oss byrja tråling etter parkeringsplass ved Venice Beach. Tok til slutt sjansen på en 2 timersplass og gjekk via dei kule kanalane på Venice ned til den berømte stranda. Etter frokost og eit bad gjekk mj langs strandpromenaden. Masse folk både til fots, på sykkel (nær alle på ”cruiser”s) og rollerblades akkurat slik ein ser på tv laga frå desse strendene. Blant sjåverdigheitene langs vatnet kan det nemnast ein konkurranse kalla SuperGirl der jenter herja på skateboard i ein liten park og på rail på snowboard, sjølvsagt på snøv. Kule saker! Passerte og eit område der mange ekte LA-era spelte streetbasket og handball (som squash uten racket). Såg og ein gym der folk trente litt, men den berømte gymmen på Venice Beach der storegutta løfter frivektene sine til folks forlystelse såg vi aldri noko til dessverre. Drosjesjåføren som køyrde oss tilbake til bilen hadde heller aldri høyrd om den…eit mysterium som må finnast ut av! Venice Beach glei etterkvart over i Santa Monica Beach som var ganske lik. Kjende igjen miljøet frå Pacific Blue og Baywatch. Lifeguard tårna på stranda var kule, mens Lifeguard Headquarter var noke meir moderne enn i Baywatch. Legendariske Santa Monica Pier med tivoliet sitt vart og sjekka ut. Herleg atmosfære nede på stranda her. Uendeleg lang strand med deilig sand, gode bølger og masse folk!
Hollywood! Sjekka så inn på Motel 6 Hollywood! Det låg meget sentralt eit lite steinkast (kjem an på kven som kastar) frå Hollywood Boulevard. Gjekk ca heile Hollywood Boulevard fram og tilbake. Der er her fortauet langs heile gata på begge sider er dekt med dei berømte stjernene kor store Hollywood personar gjennom tidene fer gravert inn namna sine. Fann ein del kjende namn, foreviga dei sjølvsagt til kameraet sitt minnekort og besøkte mellom anna eit stort kjøpesenter der vi gjekk opp nokre etasjar og kunne sjå Hollywood skiltet oppe i fjellsida. Senteret innehaldt og Kodak Theater der Oscar utdelingane finn stad! Etter pizza tok vi på oss finstasen frå outlet stores dagen før og sjekka ut Hollywood by night. Vart med å gå langs gata og sjå på køene inn til ganske eksklusive klubbar. Mange gigantiske Limousinar, store dørvakter og sikkerheitsfolk og jenter i fine kjolar og sjå!

Departure for road trip

Lørdag 5. septeber – Road Trip Starts!! Første stopp var Best Buy hvor Torgeir og Vidar kjøpte hvert sitt Canon PowerShot kamera til dokumentasjon av alle kommende hendelser. Deretter stod en liten by av outlet stores på programmet - outlet stores er butikker hvor varemerket selger til fabrikkpriser, altså ikke via en forhandler/kjede. Kjøpte en Calvin Klein skjorte og en Ralph Lauren Polo pysj bukse til meget lave priser i forhold til Norge!! Kjørte så legendariske Highway 1 også kalt Pacific Highway nordover gjennom San Clemente og Laguna Beach. Fantastisk flott langs havet oppover. Plukket oss ut Motel 6 i Irvine, en forstad til L.A. som overnattingsplass den første natta.

Amerikansk bankkonto og signering av leiekontrakt

Fredag 4. September – Dro til Chase og opprettet en amerikansk konto i mitt navn. Skrev så ut en sjekk fra den og dro til PB for å signere leiepapirer og betale første leie. Deilig å ha det i boks!! Dro innom vår kommende leilighet…sykt fet! Helt på stranda, rett ved piren på PB, god surfestrand rett ned og kortest mulig vei til der det skjer! Restaurant/bar-gata starter omtrent ved blokka vår. Etter alt dette som tok en del tid fordi landlorden vår er en dame som tar seg utrolig god tid – vi måtte tom kjøre henne på et par ærender på vei tilbake, men gjorde alt for litt ekstra goodwill – hooka vi opp med Nils og Lise (også Indøk Data) som også hadde kommet til San Diego, dro ned på stranda og bada før vi spiste et mindre bra måltid i Garnet Street.

Kosthold og helse

Når det gjeld mat her så er det mykje søt, fritert, usunn, kjapp og kjip mat. Grovbrød er vanskelig å oppdrive, så til frokost går det mye i bagels eller cereals. Lunsj og middag har til no blitt spist på eit billig sted. Det kryr av mexikanske steder med tacos, burritos osv, i tillegg til klassiske fast food kjeder som tilbyr burgere - alle med gratis påfyll av brus so lenge du orker. Rudys Taco Shop med sin legendariske Fish Taco har vært en av høydepunktene, mens Sushibaren vi prøvde var etter min mening den største bomturen. Blir ei utfordring etterkvart som vi kjem i hus å klare å ha eit nokenlunde ok kosthald slik at vi fortset å halde oss litt under den amerikanske gjennomsnittsvekta.

Første dag i SD!

Den første dagen var vi med Peter, Nils, Erik og Max til Encinitas der vi fant noen virkeleg gode surfebølger. Virkeleg fin strand med klipper ovenfor og god plass. Prøvde gutta sine boogieboards og skinboards, men bodysurfet mest. God trening for å få til timingen på bølgene til vi kjøper våre egne surfebrett og starter på ekte!!

Chevy Malibu 2001

Bil er ein absolutt nødvendigheit i USA! Craigslist og Autotrader gav oss plenty av bruktbilannonser på nettet og etter å ha sett på ein del bilar av ymse slag hos dealers fann vi bilen og avtalen vi ville ha. Etter å ha fått innføring i Pink Slip, Clean Titles og andre amerikanske særegenheter for bilpapirer endte vi med å kjøpe en Chevrolet Malibu 2001 modell. Bilen har gått 81000 miles, er utstyrt med en V6er og har automatgir. Den går som en klokke foreløpig og vi var veldig happy med dealen. Den ble kjøpt av en hyggelig kar privat som hadde vært eneste eier. Erfaringen fra dealers var at de kjøper shabby bilar og sel dei med bra fortjeneste…ikkje til å stole på dei gutta der… Nå er forsikring i boks, veiavgift betalt og eg er (del)eigar av min første bil!!
Har i ettertid og før vi kjøpte Chevyen sikla langt etter ein Ford Mustang 1998 modell som en korporal i Marinen, deployert til Sør Korea hadde til salgs, men etter mykje mailkorrespondanse fann eg ut at å kjøpe den åleine etter Chevyen dessverre vart litt mykje... Men vart amerikansk bil trass alt og nok eit meir fornuftig kjøp!

Chevy Malibu LS 2001

Eit av høgdepunkta for Vidar var å få klistra på lappen som gjer oss til lovlige brukarar av Californias vegnett.

Vidar, Sondre og Malibu!

Snorkeling

La Jolla: Ein av dei første dagane dro vi til en idyllisk liten bukt på La Jolla. Det ligger like nord for PB hvor vi skal bo. Anna og gutta i huset var med og tok oss med til et kult sted med masse undersjøisk liv! Det krydde av fugler på steinene rundt og en diger sel fant lett roen på en stein midt blant masse snorklere. Under overflaten lyste noen knall oransje fisker opp og jeg fikk også et glimt av en ca 1,5 meter lang hai som svømte forbi.

På boligmarkedet!

Jakta på drømmekåken har ført oss til mange visninger på alt fra egne hus til shabby leiligheter. Endeleg har vi signert drømmedealen med et lite hus frem til 24. Oktober på Mission Beach, ca 50 m fra stranda. Mission Beach ligg like sør for Pacific Beach (heretter berre PB, som er det område kallast on the street) og er rett idyllisk med stranda ut mot Stillehavet i vest og Mission Bay tohundre meter på andre sida. 1. November flytter vi inn rett ved hovudgata i PB PÅ stranda! Skal då bo i ei leiligheit i ei blokk kalla Seahorse. Blir då berre 10 meter gras som skil oss på strand og surfebølger! Vi har sett på leiligheten og den er strøken. 2 soverom, og fullt møblert med et lekkert spisebord, fint kjøkken, to bad med badekar, en deilig sofa og veranda. Leiligheten ligger på bakkenivå og har parkeringsplass i garagen i underetasjen. Vi betaler 1800 USD per mnd og kunne med tilfredsstillelse se annonser på 3000 USD på tilsvarende leilighet riktignok med havutsikt på vei ut.



Litt dyr, men peis, gigantiske walk in closets, lysekroner, stor støve og strøkent kjøkken i tillegg til ein fantastisk veranda gjorde dette huset til en favoritt tidleg. Økonomiske hensyn gjorde imidlertid at valget vart noko anna.

Beklager forsinkelsen!

Grunna problemer med det tekniske utstyret (les PC-laderen) kom det første blogginnlegget ikkje før etter ca ei veke. Dette er beklageleg og forhåpentlegvis skal oppdateringar kome med hyppigare frekvens framover. Ny lader er i alle fall kjøpt og snart skal eg til og med laste opp litt fotodokumentasjon til tekstene herfrå!

mandag 7. september 2009

Fra Haramsøy, M&R til San Diego, CA

28. august 0650 forlot eg Haramsøya med hurtigbåt på vei til California og San Diego. Reisa gjekk problemfritt via Gardermoen, København og Chicago før vi landa i San Diego kl 2230 (stilte klokka 9 timer tilbake ila reisa). På flyplassen plukka vi opp en leiebil som vi køyrde til Anna og Peter i. Bilen var en liten Nissan Versa. Vi var kanskje minst på vegen, men bilen va fin den! Eg køyrde og fikk to tut, noko eg slett ikkje er misfornøgd med første kvelden på I-5. Interstate 5 har opptil 8 lanes rundt San Diego og er the shit for å kome seg fort fram mellom byen og forstadane. Blitt flink til filskifting etter kvart. To reglar vi etterkvart fekk med oss ang. bilkøyring er "Turn right on red" som gjev deg lov til å svinge til høgre på raudt lys om det er klar bane og regelen for 4-vegs kryss der alle har stoppskilt. Då er det den som kom dit først som få køyre. Høyrest litt kaos ut, men fungerer veldig greit! Elles fortjener bilparken her borte skryt. Ford Mustang er den mest solgte sportsbilen i 18 år og sees i strøkne utgaver overalt. Ellers er det som venta størrelse som tell her borte. STORE SUV-ar og trucks dominerer felta på motorvegen! Kom i alle fall trygt fram til Anna og Peter sitt enormt flotte hus. Eg fekk Aupair-leiligheita i førsteetasjen som stod ledig. Sov godt etter ei lang reise.



Bare de største stedene viste på oversiktskartet på flyet over Atlanteren.