Då har jaggu enda ei veke kome til si ende. Har vore nok ei veke uten veldig mange pusterom. Har kontinuerlig 2-3 innleveringar hengande over, mykje samlingar med fraternityet samtidig som eg prøver å trene litt og kome meg ut i surfebølgene.
Av spesielle hendingar utanom skulen var fredagen verdt å nemne. Då dressa eg meg opp og for "presents" for eit av sororityene. "Presents" går ut på at alle jentene i sororityet inviterer med seg ein kar og så går det bussar til ein stad ingen veit kvar er, på fredag toppetasjen på eit fint hotell nede i San Diego sentrum, og så vert det servert ein fin middag og så dansar ein litt etterpå. Stilfullt og trivelig var det. Det kulaste var når taket plutselig berre glei til side over dansegulvet og vart til åpen himmel.
I går sto eg opp 8 for å dra opp og rydde ei strand litt nord for skulen. Ein del av opplegget til nye medlemmer i fraternityet å bidra med noko arbeid for samfunnet. Litt tungt å stå opp, men ikkje det verste ein kan gjere å bidra til at ei strand vart rydda for søppel! Etter det arrangerte same gjengen og dei aktive medlemmane amerikansk fotballturnering for alle sororitya. Var bra engasjement og ei artig turnering.
Idag har eg surfa, sjøl om bølgene var litt små idag. So skal eg prøve å konsentrere meg litt om forebuingar til ny midtsemesterprøve i mikroøkonomi på tirsdag, før det er møte med fraternityet i kveld. Det var det frå denne veka. I morgo er det ny veke, med meir arbeid, meir sol og garantert meir moro! Skal blant anna byrje å spele fotball neste veke tenkte eg. Vi skal og ha Norwegian Open i tennis.
Har ikkje brukt kameraet så flittig denne veka, så legg ved eit litt artig bilete. (Nei, dei har ikkje en dyrehage bak do, det er berre ei karatesjappe...:)
Nyt livet Sondre, gøy å høre kva du gjer.
SvarSlettEdda
Ikke dårlig å begynne å klage på småe bølger til surfingen.. Tyder på at det må gå litt bra! Gleder meg til å prøve i januar! Håper vannet fortsatt er godt å varmt.
SvarSlettHer i Trondheim har jeg kjøpt piggdekk til sykkelen din i dag! Så nå kan jeg sykkle fort igjen etter at jeg har måtte tatt det litt rolig på glatta nå ett par dager..
Har du fått kjøpt deg speireflekskamera som du snakket om på din fremtidige ønskeliste?
Audun!