onsdag 18. november 2009

Enda en midtsemester unnagjort

Då var andre midtsemester i Mikroøkonomi unnagjort. Var langt i frå enkel denne heller, men gjort er gjort og spist er spist, så berre å tenke fram mot neste vekes Game Theory midterm. Byrjar dog å like mikroøkonomi. Faget gir litt innsikt i kva som egentlig skjer rundt oss i kvardagen.

Eit artig notat i boka lærte meg at julehandelen berre er eit tap for samfunnet. Sjøl om nokre gåver blir satt meir pris på av mottakar enn det kosta giver å kjøpe/lage gåva, så er den einaste måten å sikre seg at ikkje samfunnet går på eit verdimessig tap totalt sett (eit Dead Weight Loss) å berre gi pengar. Bommar ein litt på gåva, er det eigentleg berre å sløse med verdiane vi har. Når det skal vere sagt så hadde jo julaftan blitt forbanna kjedelig om ein skulle tenke sånn, då...

2 kommentarer: