mandag 9. november 2009

Football

Laurdag var eg, Torgeir og Nils Petter på College-kamp i fotball. UCSD går for å vere den beste skulen i byen akademisk, dvs med dei beste studentane, beste lærarar osv, men dei er elendige i idrett og har ikkje ein gong amerikansk fotball lag. Vi måtte derfor til Qualcomm stadium og sjå San Diego State University spele mot Texas Christian University. Byrjar verkeleg å få sansen for amerikansk fotball. Fascinerande spel, både taktisk og fordi det inneber store mannfolk som spring inni kvarandre med full kraft!! SDSU tapte so det sang, dessverre. Stadion var imponerande dog...kapasitet på 70 000 tilskuere, ikkje fullt idag, men fullt på alle San Diego Chargers kampa (laget til San Diego i National Football League). Chargers har eg til no kun sett på div pubar, men satsar på å sjå dei live en gong mens eg er her!

Her kjem nokre bilete frå stadion og gutta på sidelinja samt ein video av marching bandet som spelte før og litt under kampen!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar