onsdag 25. november 2009

Den perfekte bølgen

Har ikkje blitt alt for mykje surfing i det siste, men er ute 3-4 dagar i veka å rir nokre bølger. Hadde her en dag min beste bølge til no. Tenkte først at den var litt stor til at eg hadde lytt å freiste lukka, (ender i 9 av 10 tilfeller med at eg nesten døyr i det eg ramlar av brettet og blir kasta rundt som ein sokk i ei vaskemaskin i bølgeskummet) men tok sjansen, trudde først at det skulle bli bank nok ein gong, men etter at eg turde opne augene sto eg fortsatt på bølgen. Det deiligaste eg har opplevd på brettet til nå å stå bortover mens bølgen braut, mens eg såg den gigantiske bølgen over meg til venstre og skyggen av den til høgre. Kick!!
Onde tunger (les Torgeir) vil hevde at eg kanskje overdriv en smule no, men heldigvis rakk han (Torgeir) akkurat å knipse et bilde:

4 kommentarer:

  1. Gratulerer :) ..so du meina det e verdt alle gongane det ikkje går bra?

    How about changing that link? ;)

    SvarSlett
  2. Hvor var Torgeir da han tok bildet?

    SvarSlett
  3. Kjære anonym. Set ikkje pris på skeptisen bak det spørsmålet. Og for dei som lurer: ja, eg har på en del brunkrem på det biletet!

    SvarSlett
  4. Og til dj, Jill Alice: e vel på tide, so la gå...

    SvarSlett