tirsdag 3. november 2009

4627 Ocean Boulevard

Då har oss endeleg flytta inn i ny leiligheit for siste gong under dette opphaldet. Turen idag gjekk frå Mission Beach og Portsmouth Ct og ca 1 mile nordover til 4627 Ocean Boulevard. No bur vi i eit leiligheitskompleks i første etasje og har ei stor leiligheit med ein liten veranda. Nøgde kunne vi konstatere at standarden var litt høgare enn forrige hus, med større TV, TV på to soverom, flott spisebord, stor stove, men litt gamalt kjøken. Etter nye forhandlingar om romfordeling valde eg denne gongen det billigaste alternativet, eller "kottet" som me og kallar det. Lokasjonen er i alle fall prima, med 50 meter til gata med alle restaurantar, butikkar og barer, og tilsvarande avstand til stranda. Blokka er næraste nabo til stranda, men vi må no ned ei trapp sidan blokka ligg på ein liten klippe. Ser i alle høve verkeleg fram til å få flytta inn skikkeleg og bu på same plass resten av året!

Fortsatt er alle lesarar av bloggen min naturlegvis velkomen på besøk til ei kvar tid!

Her kjem nokre bilete:



Først og ikkje minst; Bassenget!

Utsikt frå inngangsdøra.


Del 1 av støva.


Del 2 av støva.

Badet mitt, med eit lite glimt inn på soverommet.


Ocean Boulevard! Idyll!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar