
Forrige laurdag var det tid for å snøre på seg skoa for mi første turnering i amerikansk fotball. Spelte riktignok det dei kallar "flag-football", dvs at alle har eit belte, med to tøystrimler i, slik at i staden for å kaste seg etter han med ball og gruse han i bakken, riv du berre av den eine strimla, så er han "down". Vi hadde derfor ikkje beskyttelsesutstyr. Eg spelte "lilnebacker" heile tida. Det er dei største på laget, dei som står framom quarterbacken (han som skal kaste ballen) og skubbar vekk alle som prøvar å ta han, eller prøver å drepe motstanderlaget sin quarterback når vi speler "defense". At det berre er "flag-football" er nok fint for dei som spring med ballen, men flagga har ingen betydning på "linja". Der var det berre å krumme nakken og gå på med forakt og full kraft. Lærte fort at ein skubbar med underarmar og albuar i staden for håndflater. Det vart dessverre ingen heder og ære på meg i turneringa, men fikk tatt quartebacken eit par gonger og gått i utallige klinsjer med en diger fyr fra motstanderlaga. Gøy var det, sjøl om eg fortsatt slikker nokre sår og blåmerker her og der!

Linebackers klare til å gi alt for å beskytte quarterbacken! Hike, hike!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar