fredag 27. november 2009

Nikon D3000 bestilt!

Tirsdag gjekk eg til bestilling av digitalt speilreflekskamera. Nikon D3000 er namnet på vidunderet. Etter grundig research og lesing av tester av DSLRs, samt utspørring av kyndige vener og kjende valde eg Nikon D3000 med den billegaste pakkeløysinga (med 18-55 mm VR linse, bag, minnebrikke, ekstra batteri etc). Får supplere med ei verkeleg god-linse etterkvart!! Så no håper eg å kunne levere eit enda betre produkt til deg kjære lesar, ei side med enda betre biletkvalitet og meir interessante foto! (Tek litt kritikk for at dei fleste bileta i det siste ikkje ein gong har kome frå eige kamera...) Spanande blir det i alle fall når kamera ligg i postkassa!

Her er den nye minneforevigaren:

Check it out!

Sjekk også ut bloggen til Jill og Christopher. Dei he akkurat fått nytt, nauta stilig design!!

http://jillaliceogchristopher.blogspot.com/

Dette innlegget er plaster på såret for at eg har hatt linken til den gamle bloggen deira i ganske mange veker no...beklager det Jill og Christopher, det er retta opp no!

onsdag 25. november 2009

Amerikansk fotball



Forrige laurdag var det tid for å snøre på seg skoa for mi første turnering i amerikansk fotball. Spelte riktignok det dei kallar "flag-football", dvs at alle har eit belte, med to tøystrimler i, slik at i staden for å kaste seg etter han med ball og gruse han i bakken, riv du berre av den eine strimla, så er han "down". Vi hadde derfor ikkje beskyttelsesutstyr. Eg spelte "lilnebacker" heile tida. Det er dei største på laget, dei som står framom quarterbacken (han som skal kaste ballen) og skubbar vekk alle som prøvar å ta han, eller prøver å drepe motstanderlaget sin quarterback når vi speler "defense". At det berre er "flag-football" er nok fint for dei som spring med ballen, men flagga har ingen betydning på "linja". Der var det berre å krumme nakken og gå på med forakt og full kraft. Lærte fort at ein skubbar med underarmar og albuar i staden for håndflater. Det vart dessverre ingen heder og ære på meg i turneringa, men fikk tatt quartebacken eit par gonger og gått i utallige klinsjer med en diger fyr fra motstanderlaga. Gøy var det, sjøl om eg fortsatt slikker nokre sår og blåmerker her og der!



Linebackers klare til å gi alt for å beskytte quarterbacken! Hike, hike!!

Den perfekte bølgen

Har ikkje blitt alt for mykje surfing i det siste, men er ute 3-4 dagar i veka å rir nokre bølger. Hadde her en dag min beste bølge til no. Tenkte først at den var litt stor til at eg hadde lytt å freiste lukka, (ender i 9 av 10 tilfeller med at eg nesten døyr i det eg ramlar av brettet og blir kasta rundt som ein sokk i ei vaskemaskin i bølgeskummet) men tok sjansen, trudde først at det skulle bli bank nok ein gong, men etter at eg turde opne augene sto eg fortsatt på bølgen. Det deiligaste eg har opplevd på brettet til nå å stå bortover mens bølgen braut, mens eg såg den gigantiske bølgen over meg til venstre og skyggen av den til høgre. Kick!!
Onde tunger (les Torgeir) vil hevde at eg kanskje overdriv en smule no, men heldigvis rakk han (Torgeir) akkurat å knipse et bilde:

onsdag 18. november 2009

Enda en midtsemester unnagjort

Då var andre midtsemester i Mikroøkonomi unnagjort. Var langt i frå enkel denne heller, men gjort er gjort og spist er spist, så berre å tenke fram mot neste vekes Game Theory midterm. Byrjar dog å like mikroøkonomi. Faget gir litt innsikt i kva som egentlig skjer rundt oss i kvardagen.

Eit artig notat i boka lærte meg at julehandelen berre er eit tap for samfunnet. Sjøl om nokre gåver blir satt meir pris på av mottakar enn det kosta giver å kjøpe/lage gåva, så er den einaste måten å sikre seg at ikkje samfunnet går på eit verdimessig tap totalt sett (eit Dead Weight Loss) å berre gi pengar. Bommar ein litt på gåva, er det eigentleg berre å sløse med verdiane vi har. Når det skal vere sagt så hadde jo julaftan blitt forbanna kjedelig om ein skulle tenke sånn, då...

mandag 16. november 2009

Fiskemiddag



Søndagsmiddagen denne helga vart kanadisk laks. Fiskemiddag om ein ser vekk frå Rubio's World Famous Fish Taco er eit sopass sjeldent bidrag i til matkvardagen at det fortjente eit eige blogginnlegg. Sunt er det og godt var det!!

søndag 15. november 2009

Ukeslutt igjen...

Søndag 15. november
Då har jaggu enda ei veke kome til si ende. Har vore nok ei veke uten veldig mange pusterom. Har kontinuerlig 2-3 innleveringar hengande over, mykje samlingar med fraternityet samtidig som eg prøver å trene litt og kome meg ut i surfebølgene.

Av spesielle hendingar utanom skulen var fredagen verdt å nemne. Då dressa eg meg opp og for "presents" for eit av sororityene. "Presents" går ut på at alle jentene i sororityet inviterer med seg ein kar og så går det bussar til ein stad ingen veit kvar er, på fredag toppetasjen på eit fint hotell nede i San Diego sentrum, og så vert det servert ein fin middag og så dansar ein litt etterpå. Stilfullt og trivelig var det. Det kulaste var når taket plutselig berre glei til side over dansegulvet og vart til åpen himmel.

I går sto eg opp 8 for å dra opp og rydde ei strand litt nord for skulen. Ein del av opplegget til nye medlemmer i fraternityet å bidra med noko arbeid for samfunnet. Litt tungt å stå opp, men ikkje det verste ein kan gjere å bidra til at ei strand vart rydda for søppel! Etter det arrangerte same gjengen og dei aktive medlemmane amerikansk fotballturnering for alle sororitya. Var bra engasjement og ei artig turnering.

Idag har eg surfa, sjøl om bølgene var litt små idag. So skal eg prøve å konsentrere meg litt om forebuingar til ny midtsemesterprøve i mikroøkonomi på tirsdag, før det er møte med fraternityet i kveld. Det var det frå denne veka. I morgo er det ny veke, med meir arbeid, meir sol og garantert meir moro! Skal blant anna byrje å spele fotball neste veke tenkte eg. Vi skal og ha Norwegian Open i tennis.

Har ikkje brukt kameraet så flittig denne veka, så legg ved eit litt artig bilete. (Nei, dei har ikkje en dyrehage bak do, det er berre ei karatesjappe...:)

mandag 9. november 2009

Knekkebrød med brunost


Aaaahh...

Kosestund med gull i munn og høgtid kvar gong den dyrebare brunosten blir leita fram frå kjøleskapet. Nyt kvar bit med smak av Noreg!!

Sjøl om eg stort sett nyt kvar dag her og fortsatt smiler til sola kvar gong eg går ut døra i shorts og sandalar so er det ikkje til å kome unna at det er noko spesielt med fedrelandet! Berre ein måned og ei veke att til heimreise no! Tida har gått rasande fort, men skal nok verte kjekt å kome att til Haramsøya og julefeiring au!

Hadde satt enormt stor pris på ei helsing der heimefrå me, so om du, kjære lesar har tid og lyst so berett gjerne litt fra korleis det er der heime og om korleis du har det. So kan eg ta del i litt av det som skjer og lese det mens eg nyt ei nybaka grovskive med brunost ein kveld! Skriv som kommentar her eller send gjerne en mail til sondre.steen@gmail.com !!

Football

Laurdag var eg, Torgeir og Nils Petter på College-kamp i fotball. UCSD går for å vere den beste skulen i byen akademisk, dvs med dei beste studentane, beste lærarar osv, men dei er elendige i idrett og har ikkje ein gong amerikansk fotball lag. Vi måtte derfor til Qualcomm stadium og sjå San Diego State University spele mot Texas Christian University. Byrjar verkeleg å få sansen for amerikansk fotball. Fascinerande spel, både taktisk og fordi det inneber store mannfolk som spring inni kvarandre med full kraft!! SDSU tapte so det sang, dessverre. Stadion var imponerande dog...kapasitet på 70 000 tilskuere, ikkje fullt idag, men fullt på alle San Diego Chargers kampa (laget til San Diego i National Football League). Chargers har eg til no kun sett på div pubar, men satsar på å sjå dei live en gong mens eg er her!

Her kjem nokre bilete frå stadion og gutta på sidelinja samt ein video av marching bandet som spelte før og litt under kampen!






Tilbake i PIKE

Vinglepetter er no tilbake i PIKE. Den endelige (foreløpig) konklusjonen vart at det trass forpliktelser er alle tiders karar som er med i fraternityet og at det no hadde vore kjedelig å ikkje treffe dei lenger...fortsatt "frat-boy"!!

tirsdag 3. november 2009

PIKE farvel

Kom i dag til at mi tid som "frat-boy" er over! Har vore alle tiders å vere med i fraternityet og henge i miljøet. Har truffe masse kjekke amerikanera eg ikkje hadde truffe om eg ikkje hadde vore med og festar, campingtur etc har vore topp. Å vere pledge i eit fraternity krev allikevel for mykje forpliktelsar i form av obligatorisk oppmøte og oppgåver heile tida for min del. So frå no av blir det godt å ha ein fri timeplan til å gjere det ej vil akkurat når ej vil so snart skuleklokka ringer ut etter endt skuledag kvar dag!

P-party


Meg og Nils klar for P-fest! (Forklaring: Prisoner og Pilot)
En av temafestane til PIKE.

Skuleuniform


Yep, slik er det i USA!

Viss du er pledge i Pike og det er tysdag vel og merke...

American Dessert


Eit solid stykke brownies, ei god kule vaniljeis, krem på toppen, litt sjokoladestrø og alt dekka i varm sjokoladesaus. Amerikanera kan dessert!

Californian Sunset


Vakkert.

Freesbee golf


Søndagen i Santa Barbara som var enden på ei alletiders Halloweenhelg tok oss delvis på freesbeegolfbana som ligg rett bak huset til Jill og Christopher. Etter å ha kjøpt meg ein Multipurpose Disk var eg klar for turnering mot Jill, Chris (dei erfarne med fullsett med diskar), Torgeir og Vidar. Etter god stemning og diskar som flaug både hit og dit, deriblant både over og under bilar delte eg sigaren med Torgeir. Konklusjonen vart i alle fall at freesbeegolf gav meirsmak!!




Den lystige gjengen på freesbeegolfbana (manglande smil kan forklarast med kravet til intens konsentrasjon som denne sporten krev)!

Halloween i Santa Barbara!


Verten, Jill i fredagskostymet sitt!

Halloween i USA er stort!! I mange veker har butikkar vore fylde med kostymer, gresskar og alt mulig slags Halloween ting. Eg reiste til Santa Barbara, noko eg hadde til felles med ca 30 000 andre...noko som var merkbart på trafikken frå Los Angeles og til Santa Barbara. Hadde i alle fall ei alletiders helg, med fest og moro! Jill og Christopher bur berre ca 100 meter frå den travlaste gata, som på kvelden var stappfull av lystige folk i alle slags kostyme. Laurdagen tok vi Bill's partybus ned til downtown Santa Barbara, kor folk var like lystige og med like friske kostymer. Ei topp helg i alle fall, med Jill og Christopher like gjestfrie som alltid!




Marihøne og eskimo AKA Hanne og Lise.


Mafia Mobster AKA Vidar var blant dei kostyma som drog mest oppmerksomheit på DP (Del Playa, som var gata der det skjedde).


Litt trangt, men veldig koseleg på den oppblåsbare madrassa til J&C!


Klar for avreise tilbake til San Diego!

4627 Ocean Boulevard

Då har oss endeleg flytta inn i ny leiligheit for siste gong under dette opphaldet. Turen idag gjekk frå Mission Beach og Portsmouth Ct og ca 1 mile nordover til 4627 Ocean Boulevard. No bur vi i eit leiligheitskompleks i første etasje og har ei stor leiligheit med ein liten veranda. Nøgde kunne vi konstatere at standarden var litt høgare enn forrige hus, med større TV, TV på to soverom, flott spisebord, stor stove, men litt gamalt kjøken. Etter nye forhandlingar om romfordeling valde eg denne gongen det billigaste alternativet, eller "kottet" som me og kallar det. Lokasjonen er i alle fall prima, med 50 meter til gata med alle restaurantar, butikkar og barer, og tilsvarande avstand til stranda. Blokka er næraste nabo til stranda, men vi må no ned ei trapp sidan blokka ligg på ein liten klippe. Ser i alle høve verkeleg fram til å få flytta inn skikkeleg og bu på same plass resten av året!

Fortsatt er alle lesarar av bloggen min naturlegvis velkomen på besøk til ei kvar tid!

Her kjem nokre bilete:



Først og ikkje minst; Bassenget!

Utsikt frå inngangsdøra.


Del 1 av støva.


Del 2 av støva.

Badet mitt, med eit lite glimt inn på soverommet.


Ocean Boulevard! Idyll!

717 Portsmouth Ct.

24. oktober til 2. november hadde me adresse 717 Portsmouth Ct. Her budde me i eit gamalt, men fint innreda trehus med to etasjar, to store soverom og to bad. Avstand til stranda frå forrige plass vart korta ned frå ca 50 meter til 20 meter, så ingen grunn til å klage på det heller! Her fyl nokre bilete frå vår midlertidige bustad:


Ditte var soverommet mitt desse dagane. Rommet hadde dobbel verandadør rett ut i bakgården, eige bad med dør til gata og eg trifst som plomma i egget!



Her ser me spisebordet og eit glimt av kjøkenet.



Takterassen med gassgrillen (vart benytta ein gong).


Her søv Torgeir og Vidar (2. etasjen).


Og til slutt støva med kombinert kjøkenbenk/bardisk.

Finally a break!

Lyt vel starte ditte innlegget med ei lita beklaging over manglande innlegg i det siste. Etter travle veker med 4 midterms, Halloween helg, mykje aktivitetar med fraternityet og to flyttingar er det jaggu godt å setje seg ned i sofaen for ein kveld!
Oppdateringar fylgjer snarast!