tirsdag 13. oktober 2009

Pi Kappa Alpha

Pi Kappa Alpha is dedicated to developing men of integrity, intellect, and high moral character and to fostering a truly lifelong fraternal experience.

...eller PIKE som dei heiter på folkemunne. Eg har no blitt tatt opp i "pledge class" til PIKE etter å ha fått bid etter å ha vore med å¨"Rush week". For dei som har sett for få filmar frå college i USA, tyder dette at eg var med på forskjellige events, som am. fotball og billiard kveld, lasertag og pool-party ei veke (alt edru arrangement, mamma:) før utvalgde fekk "bid" (innbyding) til bid-dinner der vi signerte bid-card og vart tatt opp i PIKE. Er fram til jul i årets pledge-class før vi vert tekne opp som fullverdige medlemmar til jul.
For å fortsett innføringa litt er PIKE et fraternity, altså ei forening/brotherhood for karer på universitet rundt om i heile USA. (Jenter har sitt motstykke i sorortys). Det er ofte vanleg å bu ilag i store hus, men dette er ikkje lov ved UCSD. Sport er en stor del spesielt i PIKE som har vunnet Sports Banner for UCSD sine fraternity 5 år på rad. Den einaste sporten dei ikkje vann i fjor var soccer, noke eg skal gjere noko med i år!:)

Dette er i alle fall ein genial måte å skaffe seg nokre amerikanske kompisar på, samtidig som ein tek del i mange artige events. Dei mest høgtidlege er "ball" der dei leier en ballsal og liveband, andre er tur til Big Bear for å stå på ski og til Vegas for å benytte det Vegas har å tilby av moro.

Satser på at dette skal gjere året enda bedre og gi en alle tiders amerikansk oppleving.



Official site
Wiki om PIKE


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar