mandag 5. oktober 2009

Baseball

Søndag 4. oktober. Dagen starta med å betale telefonregning, før bilen dura av garde til downtown San Diego og Padres-kamp. San Diego Padres er byen sitt baseballag. Dei spelte idag heime mot San Francisco Giants i eit California-oppgjer. Både familien Steen/Thorsen og Methot var nær fulltallige pluss Vidar og Torgeir. For å oppklare eventuell uklarheiter om kven Peter (Methot) og Anna (begge pilotar), Nils, Eric og Max er so er det familien vi budde hos den første veka her borte. Peter er frå traktene, Anna er svensk og mamma sitt søskenbarn. Fam Steen/Thorsen treng vel ikkje nærare beskrivelse, men kan nemnast at det er mamma, pappa, Vebis, Sigvard og Olve som er på vitjing. Audun som seriøs NTNU student har naturlegvis ikkje anledning til utskeielser midt i semesteret.
Baseballkamp var vi på i alle fall og tapte gjor Padres i første ekstra "inning". Reglane i baseball er for vanskelege til å beskrive her, men spelet er ganske kult når ein kjem inn i dei taktiske aspekta!

Etter kampen rusla vi rundt downtown og var blant anna innom the Viking Shop og baren der Top Gun vart spelt inn! Må dit ein kveld og synge "She's lost that loving feeling"!

Ved middagstider tok Peter oss med til Dick's som bød på god mat og litt utradisjonelle servitørar. Der gjekk det i kjefting og smelling, og tallerker, servietter og matbøtter flagra alle veier. En interessant kulinarisk opplevelse!




San Diego Downtown










Lutefisk Chef og Lefse Maker frå The Viking Shop















Jukeboxen frå Top Gun




















US Marines var godt representert. Anna sa at dette var folk som allereie kunne ha 2-3 kontigentar bak seg. Skremmande unge dei såg ut når ein sto i pølsekø i lag med dei...










Baseball baby!

1 kommentar: