Pinadø ikkje greit å få bilete ta dissa flya... Speilreflekskamera vart flytta til toppen av handlelista etter showet...
mandag 5. oktober 2009
Miramar Air Show
Laurdag 3. oktober. Etter nærare 2 timar i kø og totalt kaos entra vi Miramar-basen for flyshow! Miramar er mest kjend som basen som husar Top Gun, skulen for "the best of the best" av amerikanske jagerflygarar (true story, ikkje berre film). Showet bestod blant anna av akrobatiske småfly, Harrieten som ta av vertikalt og fly baklengs (ikkje verst for eit jagerfly) og ikkje minst The Blue Angels - 6 F18 fly som flaug heilt usannsynleg tett! Heilt rått og eit fantastisk show!! Draumen om å bli jagerflygar blussa litt opp att sjølv om realisten i meg svarte kjapt med å minne om at ein som treng briller i forelesinga kanskje ikkje kjem gjennom den seleksjonen.

Pinadø ikkje greit å få bilete ta dissa flya... Speilreflekskamera vart flytta til toppen av handlelista etter showet...
Pinadø ikkje greit å få bilete ta dissa flya... Speilreflekskamera vart flytta til toppen av handlelista etter showet...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar