torsdag 15. oktober 2009

Fagplan i boks

Endelig er alle fag i boks! Mandag morgon vart to Enrollment Forms stempla på fakultet for økonomi og et på Rady School of Management. Dermed har eg fått desse faga dette quarteret:

Microeconomics, Organizational Leadership, Project Marketing and Management og Game Theory.

Alle desse får eg godkjend på NTNU, så veldig nøgd med korleis fagkaoset enda, sjøl om det er midtsemester i Microeconomics allereie i morgo. Blir spanande!:)








Rady School of Management har blant dei nyaste bygga på campus, med deilige stolar og engasjerte forelesarar og ein vaktmester som truleg nesten drep deg om du mistar en smule på golvet hans.

tirsdag 13. oktober 2009

Pi Kappa Alpha

Pi Kappa Alpha is dedicated to developing men of integrity, intellect, and high moral character and to fostering a truly lifelong fraternal experience.

...eller PIKE som dei heiter på folkemunne. Eg har no blitt tatt opp i "pledge class" til PIKE etter å ha fått bid etter å ha vore med å¨"Rush week". For dei som har sett for få filmar frå college i USA, tyder dette at eg var med på forskjellige events, som am. fotball og billiard kveld, lasertag og pool-party ei veke (alt edru arrangement, mamma:) før utvalgde fekk "bid" (innbyding) til bid-dinner der vi signerte bid-card og vart tatt opp i PIKE. Er fram til jul i årets pledge-class før vi vert tekne opp som fullverdige medlemmar til jul.
For å fortsett innføringa litt er PIKE et fraternity, altså ei forening/brotherhood for karer på universitet rundt om i heile USA. (Jenter har sitt motstykke i sorortys). Det er ofte vanleg å bu ilag i store hus, men dette er ikkje lov ved UCSD. Sport er en stor del spesielt i PIKE som har vunnet Sports Banner for UCSD sine fraternity 5 år på rad. Den einaste sporten dei ikkje vann i fjor var soccer, noke eg skal gjere noko med i år!:)

Dette er i alle fall ein genial måte å skaffe seg nokre amerikanske kompisar på, samtidig som ein tek del i mange artige events. Dei mest høgtidlege er "ball" der dei leier en ballsal og liveband, andre er tur til Big Bear for å stå på ski og til Vegas for å benytte det Vegas har å tilby av moro.

Satser på at dette skal gjere året enda bedre og gi en alle tiders amerikansk oppleving.



Official site
Wiki om PIKE


mandag 5. oktober 2009

Miramar Air Show

Laurdag 3. oktober. Etter nærare 2 timar i kø og totalt kaos entra vi Miramar-basen for flyshow! Miramar er mest kjend som basen som husar Top Gun, skulen for "the best of the best" av amerikanske jagerflygarar (true story, ikkje berre film). Showet bestod blant anna av akrobatiske småfly, Harrieten som ta av vertikalt og fly baklengs (ikkje verst for eit jagerfly) og ikkje minst The Blue Angels - 6 F18 fly som flaug heilt usannsynleg tett! Heilt rått og eit fantastisk show!! Draumen om å bli jagerflygar blussa litt opp att sjølv om realisten i meg svarte kjapt med å minne om at ein som treng briller i forelesinga kanskje ikkje kjem gjennom den seleksjonen.



Pinadø ikkje greit å få bilete ta dissa flya... Speilreflekskamera vart flytta til toppen av handlelista etter showet...

Baseball

Søndag 4. oktober. Dagen starta med å betale telefonregning, før bilen dura av garde til downtown San Diego og Padres-kamp. San Diego Padres er byen sitt baseballag. Dei spelte idag heime mot San Francisco Giants i eit California-oppgjer. Både familien Steen/Thorsen og Methot var nær fulltallige pluss Vidar og Torgeir. For å oppklare eventuell uklarheiter om kven Peter (Methot) og Anna (begge pilotar), Nils, Eric og Max er so er det familien vi budde hos den første veka her borte. Peter er frå traktene, Anna er svensk og mamma sitt søskenbarn. Fam Steen/Thorsen treng vel ikkje nærare beskrivelse, men kan nemnast at det er mamma, pappa, Vebis, Sigvard og Olve som er på vitjing. Audun som seriøs NTNU student har naturlegvis ikkje anledning til utskeielser midt i semesteret.
Baseballkamp var vi på i alle fall og tapte gjor Padres i første ekstra "inning". Reglane i baseball er for vanskelege til å beskrive her, men spelet er ganske kult når ein kjem inn i dei taktiske aspekta!

Etter kampen rusla vi rundt downtown og var blant anna innom the Viking Shop og baren der Top Gun vart spelt inn! Må dit ein kveld og synge "She's lost that loving feeling"!

Ved middagstider tok Peter oss med til Dick's som bød på god mat og litt utradisjonelle servitørar. Der gjekk det i kjefting og smelling, og tallerker, servietter og matbøtter flagra alle veier. En interessant kulinarisk opplevelse!




San Diego Downtown










Lutefisk Chef og Lefse Maker frå The Viking Shop















Jukeboxen frå Top Gun




















US Marines var godt representert. Anna sa at dette var folk som allereie kunne ha 2-3 kontigentar bak seg. Skremmande unge dei såg ut når ein sto i pølsekø i lag med dei...










Baseball baby!