Her kjem litt frå mine veker på Cuba. Byrjer å bli ei stund sia eg la ut frå San Diego, men skal prøve å få ned litt info frå opphaldet. Turen gjekk via Mexico, sidan det ikkje er mogleg å reise med amerikanske selskap direkte til Cuba. Men kom til Havana i fin form. Det første småutrulege som skjedde fann stad på flyplassen i Cancun, Mexico. Ved gaten til Havana helste eg på ei kar eg kjende att frå Phoenix, AZ-Canucun-flyet. Han reiste og åleine, og tilfeldigheite ville ikkje ha det til mindre enn at han og var på vei til Trinidad og skulle starte på same språkskule som meg same dag. Eg hadde dermed reisefylgje, allereie, så vi hang ilag i Havana og dei to neste vekene.
Byrja opphaldet med å gå to kvartal åleine i sentrum av Havana rundt midnatt. Cuba er kanskje den sikraste plassen eg har vore. Oslo på kveldstid er ti gongar verre enn å vere turist på Cuba. På grunn av diverse handelsblokkader er turisme ein av dei desidert viktigaste kjeldene Cuba har til utanlandsk valuta. Dei tek difor særs godt vare på alle som kjem. Det er mykje politi i gatene og eg følte meg aldri trua ila heile opphaldet, sjølv om eg ofte gjekk heim til huset mitt relativt seint på natta. Eit anna bilete er strafferammene for drap. Word on the steet skulle ha det til at ein for 12 år for å skyte ein mann, men 20 år for å drepe ei ku (som skal brukast til å mate svoltne turistar). Havana på dagtid var ganske rått. Var som å vakne opp etter å ha sove i ei tidsmaskin og reist mange tiår tilbake i tid. Gatene var fulle av tutande gamle amerikanske bilar rå før handelsblokkaden, husa var gamle, brusteinen i gatene lagt for ganske lenge sida og gatene var fulle av folk, då få har bil.
Alt i alt var Havana en by full av liv og spennende gater. Fekk sett mykje dei 4 dagane eg var der. Turene gjekk deretter vidare med buss til sørsida av øya og Trinidad, kor eg budde dei neste tre vekene for å lære spansk.
Budde hjå ein stor familie i eit stort, flott hus. Hadde eiga leiligheit, med takterasse og eige bad og til og med AC på soverommet. Fekk servert frokost og middag kvar dag og hadde det veldig fint. Kl 0900 kom spansklærerinna på besøk. Då sat vi å gjorde gramatiske øvingar opp og ned og fram og tilbake og prata spansk i 3-4 timar, før eg hooka opp med Wyatt (amerikanaren eg møtte på vei til Cuba) for lunch. Vi fann ei lokal pizzasjappe kor vi åt nærast kvar dag. To porsjonspizzaer kosta 40 amerikanske cent ca. Digg og billlig. Cuba har eit interessant pengesystem. Dei har to valutaer, ein lokal valuta, kalla Cuba pesos, en utenlandsk, kalla CUC. Importvarer, turistaktiviteter, mat på restaurant og overnatting betalast i CUC, men om du finn plassane der dei lokale et f.eks. og kan betale med den lokale valutaen, blir det mykje billegare (som lunchen).
Etter lunch venta stranda, internettcafe eller å vandre byens gater på jakt etter pratsomme cubanere, gamlebilar og sjåverdigheiter. Middag vart servert heime. Det var ALLTID bønnesuppe til forrett, ris, grønnsaker og enten kylling eller fisk til hovudrett, med ferskpressa fruktjuice av eit eller anna slag til.
Etter middag sette vi (eg og Wyatt, etterkvart ispedt nokre nederlandske, franske, sveitsiske og danske) oss på takterassen eller i parken med ei lita flaske rom, en sigar eller litt øl før vi som oftest gjekk til eit av byens "casas", hus med livemusikk og bar. Fekk høyrt vanvittig mange forskjellige fantastisk dyktige cubanske musikere i alle mulige latinamerikanske musikksjangre. Det var som oftest fullt hus og god stemning, alt var utendørs og dansegolvet fullt av lokale cubanarar som enten freista lukka hjå blonde jenter på besøk eller viste salsadansing av høg klasse med ei av dei lokale jentene.
Det var ein typisk dag på Cuba. Generelt sett var det dagar med lavt tempo, mykje sol og varme og eit godt liv.
Ei helg dro vi til Cienfuegos, ein vakker by ikkje langt unna og Santa Clara kor vi besøkte det gigantiske Monumento de Che (Guevara, som er ein stor helt på Cuba sidan den cubanske revolusjonen). Ein fin tur var også ein dagstur på hesteryggen inn til ein foss i regnskogen like ved Trinidad.
Det var kort om mitt opphald på Cuba. Har så mange inntrykk og oppleveingar frå ei heilt anna slags verd, men ikkje så enkelt å få alt ned gjennom eit tastatur. Sper på med litt bilete!




