fredag 4. juni 2010

Weekend i kajakk i Colorado River

Forrige helg satte eg atter ein gong kursen mot Las Vegas, men denne gongen køyrde eg forbi og til Willow Beach som var starten for helgas padletur på Colorado River. Colorado river renn nedover heile Grand Canyon, tek eit kvileskjer i innsjøen som er oppdemd av Hoover Dam, før ho forsett rolegare nedføre dammen gjennom det som vert kalla Black Canyon. Det gjer elva ypperleg for kajakkpadling. Kajakken var lasta med mat og telt, så med godt mot padla eg og 7 andre norske karer og indøkstudenter oppover elva. Vi campa ei natt på vei opp og ei på vei ned og nøt verkeleg turen. Høgdepunkta var å nå Hoover Dam, kor ufatteleg mykje lettare det var å padle ned enn opp, Hot Springs (varme kjelder) som kjem ut av fjellet og at å campe i Arizona/Nevada er som å campe inn - blå himmel so langt auge kan sjå, ingenting vått og berre å laffe ut av teltet i berre boxer til perfekt temperatur.



Endeleg ved målet og godt nøgd med å ha forsert den litt kraftige straumen den siste amerikanske mile. Fiffig å oppleve at elva steig nesten en halv meter nøyaktig kl 12 fordi behovet for elektrisitet til Air Condition i Las Vegas er høgare midt på dagen.









Her nyt me ein av dei varme kjeldene.














I godt driv medstrøms.

1 kommentar:

  1. Hallo Sondre!
    Må berre innom og sjå på alle spennande turane du er på og dei flotte bilda du får tatt,
    veldig,veldig kjekt for oss heime og følge med på.

    SvarSlett