Ei komande stjerne som var med på festivalen.
Oro Islands. Dei flytande øyene på Lake Titicaca.
Puno, byen ved Lake Titicaca var ikkje særleg spanande, så eg dro snart vidare til Cuzco. Cuzco var ein by eg likte mykje betre. Flott by rett og slett! Dagen etter var det en kjempefestival i Sacsayhuaman(hugseregel: "Sexy woman":), nokre inkaruiner som låg i fjella ca 40 min å gå frå byen. Det var litt av ei folkevandring og fleire hundre tusen var samla for å sjå på eit storslagent inkashow.
Frå Inti Raymi, ein kjempefestival på solsnudagen (vinter i Peru) for å feire at dagane vert lengre att.
Neste dag starta eg ein 5-dagers tur med telt til Macchu Picchu over eit fjellpass, gjennom jungelliknande skog og alt mogleg landskap i "mellom" fjellandskap og troper. Gjekk ilag med 3 nyutdanna engelske legar, ein guide i tillegg til ein hestemann, kokken vår og 4 hestar. Eit bra fylgje og ein kjempetur!
Siste dag starta 4am med å gå opp til Macchu Picchu for å få stempel til å få gå på Wayna Picchu, det karakteristiske fjellet over byen. Det rakk vi, men vi var litt skeptiske til dagen, då vi grunna regn og tåke (dryseason; særleg!) såg ca 10 meter. Men klokka 10 letta det opp og vi fekk sett Macchu Picchu i all sin prakt! Imponerande greier! Peruturen vart avslutta i Lima, som med sine 10 millionar innbyggjarar berre var eit einaste stort trafikkaos med dårleg luft. Macchu Picchu derimot er noko som er verdt å setje på lista over framtidige reisemål for dei som ikkje allereie har vore der!
Turens høgaste punkt, The Salkantay Pass med bredekte Salkantay i bakgrunnen.
Ein alpakka på Macchu Picchu.
Sjarmerande turkamerat ein liten del av turen.
Eg og Macchu.
Temple of the Moon. Traff berre to andre turistar på vandringa til dette avsidasliggende tempelet eit par timar frå Macchu Picchu.
Macchu Picchu (byen) med karakteristiske Wayna Picchu (fjellet) bak. Eit storslagent syn.
På cafe med Cristiano i Lima.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar