onsdag 21. juli 2010

Ecuador: Klatring

Etter nokre rolige veker i San Diego på slutten av året pakka eg ein sekk med nyinnkjøpt klatreutstyr og vinterklede og satte kursen for Ecuadors hovudstad Quito. Målet for dei ni dagane i Ecuador var å klatre Cotopaxi, Ecuador sitt nest høgaste og fjell og verdas nest høgaste aktive vulkan. Toppen er på 5897 moh og vart for mykje då eg var på familietur for ca 6 år sidan og vi måtte snu pga snøstorm. Verdt å nemne er det og at den gongen snudde 7 av 10 av oss pga høgda. Det var altså tid for revansj. Difor melde eg med på tur med Mountain Madness, eit amerikansk selskap som driv guiding over heile verda. Turen tok i alt 9 dagar, vii brukte dei 7 første til å gradvis akklimatisere oss til høgda og nådde toppen tidleg på morgon den 8. dagen (ein lyt gå på natta før sola gjer at skredfaren aukar). Sjølv om veret var dårleg og snø og tåke gjor at oss aldri hadde særleg sikt, var det stort å nå toppen. Heilen turen var ei kjempeoppleving, reisefylgjet som bestod av tre amerikanske karar frå Des Moines, Iowa og Gaspar, guiden var kjempefolk alle fire. Humøret var på topp til ei kvar tid til tross for problem med hovudpine, sjukdom osv pga høgda. Vi hadde sightseeing i Quito og klatra to flotte toppar, El Corazon og Iliniza Norte som trening til stor-toppen Cotopaxi som vi underveis kunne betrakte på avstand når det var klarver eller toppen låg over skyene. Vi budde stort sett på enkle hytter, og åt stort sett suppe til kvart einaste måltid. Her kjem nokre bilete:


På sightseeing i Quito.


Med norsk flagg på toppen!!


På vei til Iliniza Norte. Ein fantastisk flott tur.


Nesten på toppen! Eg og Jared framom ein gigantisk vegg med enorme istappar!


Frå den siste lodgen, foran Cotopaxi.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar