torsdag 22. juli 2010

Takk for no!

Dette vart dei siste innlegga i alle fall for denne gong. No ber det tilbake til Trondheim for dei to siste åra av studiet. Etter å ha hatt fri meir eller mindre sidan midten av Mars er eg no motivert til å studere litt att, men noko sei meg at sjølv om livet i Trondheim er spanande nok og veldig triveleg er det nok litt mindre eksotisk. Noko er riktignok allereie på tapeten; skal spele ein konsert med Haram Fusion Factory før jul og ein etter, så nokre helger går nok til det. Planen er og å gå Birkebeineren og Vasaloppet til vinteren, så lyt nok freiste å halde forma ved like og gå litt på ski. Men bloggen vert nok ikkje oppdatert nevneverdig framover likevel.

Om du skal til Sør-Amerika, Karibien eller California og trur eg kan ha eit tips eller berre vil slå av en prat er det berre å ringe 45 27 30 30, sende elektronisk post til sondre.steen@gmail.com eller på gamlemåten til Haramsøy, postnr 6209.



Takk for fylgjet! Eg set no kurset mot meir heimlege farvatn!

Peru: Lake Titicaca og Macchu Picchu

Etter Ecuador bar det rett av garde til 9 dagar på tur rundt i Peru. Det første høgdepunktet var flytande øyer på Lake Titicaca på grensa mellom Peru og Bolivia. Dei lagar øyene av torv og sjøgras og bur i stråhytter. I dag er turisme den viktigaste inntekta og til tross for enkle forhold hadde alle hyttene solcellepanel til å drive TV med parabol!:)

Ei komande stjerne som var med på festivalen.


Oro Islands. Dei flytande øyene på Lake Titicaca.

Puno, byen ved Lake Titicaca var ikkje særleg spanande, så eg dro snart vidare til Cuzco. Cuzco var ein by eg likte mykje betre. Flott by rett og slett! Dagen etter var det en kjempefestival i Sacsayhuaman(hugseregel: "Sexy woman":), nokre inkaruiner som låg i fjella ca 40 min å gå frå byen. Det var litt av ei folkevandring og fleire hundre tusen var samla for å sjå på eit storslagent inkashow.

Frå Inti Raymi, ein kjempefestival på solsnudagen (vinter i Peru) for å feire at dagane vert lengre att.

Neste dag starta eg ein 5-dagers tur med telt til Macchu Picchu over eit fjellpass, gjennom jungelliknande skog og alt mogleg landskap i "mellom" fjellandskap og troper. Gjekk ilag med 3 nyutdanna engelske legar, ein guide i tillegg til ein hestemann, kokken vår og 4 hestar. Eit bra fylgje og ein kjempetur!
Siste dag starta 4am med å gå opp til Macchu Picchu for å få stempel til å få gå på Wayna Picchu, det karakteristiske fjellet over byen. Det rakk vi, men vi var litt skeptiske til dagen, då vi grunna regn og tåke (dryseason; særleg!) såg ca 10 meter. Men klokka 10 letta det opp og vi fekk sett Macchu Picchu i all sin prakt! Imponerande greier! Peruturen vart avslutta i Lima, som med sine 10 millionar innbyggjarar berre var eit einaste stort trafikkaos med dårleg luft. Macchu Picchu derimot er noko som er verdt å setje på lista over framtidige reisemål for dei som ikkje allereie har vore der!



Turens høgaste punkt, The Salkantay Pass med bredekte Salkantay i bakgrunnen.


Ein alpakka på Macchu Picchu.


Sjarmerande turkamerat ein liten del av turen.


Eg og Macchu.


Temple of the Moon. Traff berre to andre turistar på vandringa til dette avsidasliggende tempelet eit par timar frå Macchu Picchu.


Macchu Picchu (byen) med karakteristiske Wayna Picchu (fjellet) bak. Eit storslagent syn.


På cafe med Cristiano i Lima.

onsdag 21. juli 2010

Ecuador: Klatring

Etter nokre rolige veker i San Diego på slutten av året pakka eg ein sekk med nyinnkjøpt klatreutstyr og vinterklede og satte kursen for Ecuadors hovudstad Quito. Målet for dei ni dagane i Ecuador var å klatre Cotopaxi, Ecuador sitt nest høgaste og fjell og verdas nest høgaste aktive vulkan. Toppen er på 5897 moh og vart for mykje då eg var på familietur for ca 6 år sidan og vi måtte snu pga snøstorm. Verdt å nemne er det og at den gongen snudde 7 av 10 av oss pga høgda. Det var altså tid for revansj. Difor melde eg med på tur med Mountain Madness, eit amerikansk selskap som driv guiding over heile verda. Turen tok i alt 9 dagar, vii brukte dei 7 første til å gradvis akklimatisere oss til høgda og nådde toppen tidleg på morgon den 8. dagen (ein lyt gå på natta før sola gjer at skredfaren aukar). Sjølv om veret var dårleg og snø og tåke gjor at oss aldri hadde særleg sikt, var det stort å nå toppen. Heilen turen var ei kjempeoppleving, reisefylgjet som bestod av tre amerikanske karar frå Des Moines, Iowa og Gaspar, guiden var kjempefolk alle fire. Humøret var på topp til ei kvar tid til tross for problem med hovudpine, sjukdom osv pga høgda. Vi hadde sightseeing i Quito og klatra to flotte toppar, El Corazon og Iliniza Norte som trening til stor-toppen Cotopaxi som vi underveis kunne betrakte på avstand når det var klarver eller toppen låg over skyene. Vi budde stort sett på enkle hytter, og åt stort sett suppe til kvart einaste måltid. Her kjem nokre bilete:


På sightseeing i Quito.


Med norsk flagg på toppen!!


På vei til Iliniza Norte. Ein fantastisk flott tur.


Nesten på toppen! Eg og Jared framom ein gigantisk vegg med enorme istappar!


Frå den siste lodgen, foran Cotopaxi.