tirsdag 2. mars 2010

PGA Tour på Torrey Pines

Det skjer no litt av kvart i California au. Denne helga vart det arrangert PGA turnering rett ved skulen. Sporten er golf, og bana som heiter Torrey Pines ligg spektakulært til på toppen av klippene over stranda. Vi stakk ein gjeng på torsdag for å få med oss Henrik Bjørnstad (og det var lurt å stikke på torsdag, sidan Henrik ikkje klarte cuten for å få spele laurdag og søndag). Det var ei herleg avslappa atmosfære, og vi rusla rundt blant verdas beste golfspelarar (minus Tiger som er på sexavhengigsheitsklinikk for tida) og nøt storspill av blant anna Ernie Els, Phil Mickelson, Jesper Parnevik og John Daly. Henrik var dessverre ikkje so heldig, og fekk 3 bogeys og en birdie på dei fire siste hola som vi fulgte han på.
Ikkje noko å utsetje på plasseringa av denne bana!

mandag 1. mars 2010

Carlsbad Marathon

Ikkje alt for godt forberedt, men steike trøtte sto eg og Torgeir opp kl 03:45 ein søndags morgon og køyrde nordover til start i Carlsbad Marathon. Målet var 3:20, med andre ord pers på eit kvarter frå Ålesund Maraton med Vebjørn eit par juler sidan. Temperaturen var perfekt, startfeltet stort og inspirerande og vi starta ut friskt ilag med 3:10 gruppa. Eg er nok litt tung for langdistanseløping, så hamna litt etter i bakkane opp mot vending, men tok igjen gruppa og Torgeir og sprang ifrå når eg fekk brukt g-kreftene i riktig retning nedover bakkane. Torgeir tok meg igjen mot slutten, og vi løp saman, i sakte film og med ubeskriveleg slitne bein over mål, 26 miles (42km) og 3 timar, 14 minutt og 7 sekund etter start. Ei tid eg er veldig nøgd med. Plasseringa vart og bra. Enda opp på 51. plass av 1094 startande totalt, og på 3. plass av 40 i klassa 18-24 år. Etter at vi klarte å bevege føtne att (to dagar seinare) var vi einige om at det var kult å ha gjennomført, trass at dei siste 3 miles var nokre av dei mest slitsomme i mitt liv.

Bileta er tekne av fotografar som stod ute i løypa, det første frå den deilege målstreken:)