Det første høydepunktet i ferien var telemarkkøyring på Bjorli. Kaldt og lite snø, men fantastisk artig å kome tilbake til Noreg og sjå snø igjen! Deretter bar det ut på tur, som eg skriv om i neste innlegg. Sjølve julefeiringa inneheldt alle dei faste tradisjonane. Juletreet vart henta ut frå skogen, pynta og julemiddagen var som alltid fantastisk! Sjølv om eg i samtlege år stemmer på pinnekjøtet frå julaftan over ribba frå første juledag, så satte eg faktisk ribba øvst i år! Gastronomisk med norsk mat etter månader med frityrfett! Veret var upåklageleg gjennom heile ferien, med ekte norsk vinterver. Isen la seg på Stormyra og vart benytta fleire dager til skeisegåing. Då det vart tid for å vende nasen vestover igjen 4. juledag kunne eg godt tenke meg eit par dagar til i vakre Noreg, sjølv om Las Vegas vart ei god erstatning.

Mine to yngste brødre klare for nok en intens hockeymatch!

Var godt å kjenne litt norsk ver på kroppen. Det både snøve og blåste då eg og Richard tusla oss opp på Skulen før jul.

Olve på isen!
Det vart verkeleg ein intens hockeymatch! :-) Men det var veldig gøy;-)
SvarSlettKommentaren var frå Olve:-)
SvarSlett