søndag 31. januar 2010
Framdrift
...og der var eg tilbake igjen. Med en plan! Den er som fylgjer. Første innlegg kom idag, og frå no av skal det framover etter planen dukke opp eit lite innlegg kvar dag. Overskriftene er allereie publisert, og kjem til å fylgje den lista litt i alle fall. Slik skal eg forhåpentlegvis vere "up to date" om ei tre-fire veker:) Fyl med framover:)
Juleferie oppsummering
Det første høydepunktet i ferien var telemarkkøyring på Bjorli. Kaldt og lite snø, men fantastisk artig å kome tilbake til Noreg og sjå snø igjen! Deretter bar det ut på tur, som eg skriv om i neste innlegg. Sjølve julefeiringa inneheldt alle dei faste tradisjonane. Juletreet vart henta ut frå skogen, pynta og julemiddagen var som alltid fantastisk! Sjølv om eg i samtlege år stemmer på pinnekjøtet frå julaftan over ribba frå første juledag, så satte eg faktisk ribba øvst i år! Gastronomisk med norsk mat etter månader med frityrfett! Veret var upåklageleg gjennom heile ferien, med ekte norsk vinterver. Isen la seg på Stormyra og vart benytta fleire dager til skeisegåing. Då det vart tid for å vende nasen vestover igjen 4. juledag kunne eg godt tenke meg eit par dagar til i vakre Noreg, sjølv om Las Vegas vart ei god erstatning.

Mine to yngste brødre klare for nok en intens hockeymatch!

Var godt å kjenne litt norsk ver på kroppen. Det både snøve og blåste då eg og Richard tusla oss opp på Skulen før jul.

Olve på isen!
Mine to yngste brødre klare for nok en intens hockeymatch!
Var godt å kjenne litt norsk ver på kroppen. Det både snøve og blåste då eg og Richard tusla oss opp på Skulen før jul.
Olve på isen!
søndag 24. januar 2010
I'll be back
Først vil eg byrje med ei beklaging til deg, kjære lesar, for manglande oppdateringar den siste månaden. Sjølv om eg generelt sett ikkje er tilhengar av unnskuldingar, men tykkjer realiteten er viktigast, så vil eg seie at det har vore særs hektisk her i amrika sidan eg kryssa dammen etter en særs vellukka juleferie.
Men no er det på tide å forfatte litt til bloggen att. Det eg har fått skrapa saman idag er først og fremst ei (sannsynlegvis ukomplett) liste over dei viktigaste hendingane den siste månaden. Slik blir fylgjeleg bloggoverskriftene på dei komande innlegga:
Juleferie oppsummering
Hyttetur/ekspedisjon
Back to California
Calico ghost town
Las Vegas by night
Hotel Stratosphere
Las Vegas by day
Ka
David Copperfield
10 dollar i pluss
On the road again
Hoover Dam
Vinter
Gran Canyon
Yuma
Biltrøbbel
I-week
Tatt opp som ”Active” i Pi Kappa Alpha
Fallskjerm
Fag på skolen
Fremtidsplaner
Avatar IMAX 3D
Monster Jam
Carlsbad Marathon
Men no er det på tide å forfatte litt til bloggen att. Det eg har fått skrapa saman idag er først og fremst ei (sannsynlegvis ukomplett) liste over dei viktigaste hendingane den siste månaden. Slik blir fylgjeleg bloggoverskriftene på dei komande innlegga:
Juleferie oppsummering
Hyttetur/ekspedisjon
Back to California
Calico ghost town
Las Vegas by night
Hotel Stratosphere
Las Vegas by day
Ka
David Copperfield
10 dollar i pluss
On the road again
Hoover Dam
Vinter
Gran Canyon
Yuma
Biltrøbbel
I-week
Tatt opp som ”Active” i Pi Kappa Alpha
Fallskjerm
Fag på skolen
Fremtidsplaner
Avatar IMAX 3D
Monster Jam
Carlsbad Marathon
Abonner på:
Kommentarer (Atom)