fredag 18. desember 2009

Julefeiring på Haramsøya

Då kjære lesar, vil eg takke for fylgjet denne hausten og ynskje deg ei riktig GOD JUL!
Veldig triveleg at du har vore innom. Håper du har hatt eit like bra halvår som eg har hatt og at du får ei alletiders julefeiring!! Eg er i alle fall tilbake på Haramsøy og ser fram til nokre dagar med familie, vener, juletradisjonar, god mat, sørvest og ruskever før eg vender tilbake til California og nyttårsfeiring i Las Vegas. Igjen:


GOD JUL!!!!


Adventsstaken med Longva i bakgrunnen.

Fallskjermhopping

For å markere avslutningen av quarteret og første del av opphaldet fann me ut at fallskjermhopping var den perfekte aktivitet. Søndag morgen satte eg, Torgeir og to svenske jenter som har studert quarteret i Santa Barbara, men nå besøkte San Diego oss i bilen og køyrde innover i ørkenen eit lite stykke. Framme hjå San Diego SkyDive måtte me først signere/skrive initialer på minst 100 punkt i ei blekke på ca 20 sider der me sa frå oss alle muligheiter til å saksøke nokon om det komande hoppet ikkje skulle gå heilt etter planen.


Minnetavle over nokre av dei det ikkje gjekk heilt som planlagt med.
Neida. Dette er ei minnetavle frå Mount Soledad som me besøkte seinare på dagen. Eg trøysta meg med at han eg skulle hoppe ilag med sikkert var interessert i å sjå fleire dagar og kom til å gjere sitt beste for å få oss trygt ned.


Det er ikkje fritt for at det kribla litt, men det var mest gode sommerfuglar og gode minner frå et par år tilbake som vart vekka til live når hoppselen vart stramma til mellom beina. Eg har hatt lyst til å freiste fritt fall hopping lenge, då dette var noko eg ikkje fekk prøvd tidlegare.



Her får Torgeir stramma til selen sin, mens Caroline finsliper flygeteknikken og Lisen fylgjer med.













To nøgde karer, ferdig oppdressa og klare for tandemhopp.











Her ser vi Caro på vei til flyet. Flyet var ganske stort og hadde plass til rundt 12-15 hopparar. Eg var først inn og skulle dermed først ut. Litt urovekkande var post-it lappen som sa "Må fikses!" og var plassert over en defekt drivstoffmåler, men gutta som skulle ta oss opp virka rutinerte og proffe nok og vi hadde jo trass alt fallskjem på ryggen. Etter takeoff steig vi opp til 13 000 fot, før døra vart opna og dei første byrja å ramle ut av flyet ein etter ein. Halveis på veien hadde eg blitt knipsa på Sean, som var han eg lita på skulle styre vår skjerm trygt ned. Å stå på kanten att og sjå kor uvirkeleg langt det var ned var et kick. Den aller beste delen av hoppet var dei første 5-10 sekunda etter utspranget. Var heilt rått å stupe nedover i eit par saltoar, veksle mellom å sjå fly, himmel og bakke, før Sean fekk stabilisert oss i flygestilling og det berre gjekk fortare og fortare. I 50-60 sekund datt vi mot bakken som ein stein i fritt fall. Awesome!!!
Så opna Sean skjermen og vi dalte dei siste godt og vel par tusen fota ned til bakken.



Her ser du ein tandemhoppar som gjeng inn for landing. Det var heilt utruleg artig å hoppe att, hadde gløymt følelsen du har i flyet rett før du skal hoppe og kor vanvittig det er å kaste seg ut av flyet. Noko alle burde oppleve!














Her ser du ein glad og veldig nøgd Sondre etter ein rå opplevelse og ha landa trygt på bakken etter eit fall på 13000 fot.









Etter hoppinga køyrde vi tilbake til San Diego og tok turen innom Mount Soledad, som har vore målet for nokre av mine og Torgeir sine joggeturar denne hausten. Fantastisk utsikt frå toppen!
















Bileta viser utsikta sørover. Vi ser Mission Bay, som vi bor rett ved og kan skimte San Diego skyline i horisonten.

tirsdag 15. desember 2009

Entourage og Champions League

Sidan amerikansk TV består av tre ting: Reklame, reklame og reklame (med glimt av programma i mellom) har vi skaffa oss ekte californsk underhaldning til tv-skjermen.
Entourage skaper alltid god stemning i stova når ei roleg sofakveld er ynskja til slutten av dagen.



Entourage, med handling frå Los Angeles.

Eit anna kjærkome TV-augneblink var då Fox Sports West gledeleg sende Champions League. Dei viser og Premier League høgdepunkt veka etter kampane er ferdig, men dette er den einaste fotballkampen eg har fått sett på eit halvt år, så det var høgtid i sofaen når eg endeleg fekk sjå 90 minutt med europeisk fotball. Kampen var Real Madrid - Marseille 3 - 1, god underhaldning og til tider lekker fotball!



Her Real Madrid representert ved Gonzalo Higuain.

Ny brødrister

Viser til tidlegare innlegg kalla "Bagelsuksess" og kan no melde om at ny brødrister er anskaffa. Veldig nøgd med det nye vidunderet i børsta stål og med eigen bagel-funksjon!!



Her er den nye maskina som gjer ein kvar morgon litt betre.

mandag 14. desember 2009

Eksamensperiode

Her borte er den en kort, men hektisk eksamensperiode. Undervisning pågår til og med uka før eksamenane starta, så eksamensperioden var eigentleg veka med alle eksamenane. Programmet var en på mandag, en torsdag og to fredag.
Blir spanande å sjå resultata, men har en god følelse for to av dei, en litt dårlegare for dei to andre...fer berre vente å sjå.



Asiaterane har fullstendig invadert heile det 8 etasjers biblioteket, så sat heime det meste av perioden. Her Torgeir i djup konsentrasjon.




Og her Vidar i ei pause. Karate funker perfekt som avbrekk.

Seinfeld live!



Foto forbudt, men drista meg til eit bilete før Jerry kom på scena.

Lørdag 5. desember.
På kveldens program stod stand up komedie i Civic Theatre, Downtown San Diego med ingen ringere enn Jerry Seinfeld, kjend frå TV-serien med same namn. Showet byrja med en "oppvarmer" som var sånn passe morosam, mens Seinfeld himself hald på i 1-1,5 time og veksla mellom morosam og hysterisk morosam. Verdt inngangspengane og en verkeleg artig oppleving!



Gjengen: Frå venstre, Vidar med hatt, Torgeir og Kristoffer.

torsdag 3. desember 2009

Levering av prosjekt, berre eksamen igjen

I dag leverte eg og framførte min del av to prosjekt. Dei har vore gruppearbeid i Organizational Leadership og Marketing. Etter å ha stått på ein del timar dei siste dagane var det godt å få levert det siste og få retta fokus mot eksamenane som startar på mandag om 4 dager. Litt anna eksamensperiode enn i Noreg! Deileg er det i alle fall å sjå quarteret nærme seg slutten. Skal både bli godt med nokre fridager her borte og å kome heim til juleferie!



Tatt frå utafor den eine forelesingssalen på campus.

onsdag 2. desember 2009

Dramatisk ulukke i PB


På vei til butikken en dag havna eg midt oppe i ei dramatisk ulukke i krysset rett utafor blokka. Minst 5 politibilar, ambulanse og brannbil var samla for å ta seg av kaoset. Går stort sett bra, men ein må vere forsiktig i trafikken her borte au!

Bagelsuksess

Har byrja å kjøpe bagels - ein vanleg frokost for amerikanarar. Dei rister bagelen og et han med kremost som oftast. Eg nyt dei med deilig, norsk brunost! Brødristeren vår er dessverre herpa, så vi måtte improvisere med steikeovn. Det gjekk slik når døra låste seg og gav med ein fantastisk dårlig start på dagen. Tok lang tid før eg kom over skjebna til desse godbitane:

Regn og forsinka kalkunmiddag

Laurdag vart eg invitert til forsinka Thanksgiving middag hjå foreldra til Peter. For lesarar med dårlig hukommelse frå tidlegare innlegg er Peter mannen til Anna, som er søskenbarnet til mamma. Kjekt med familie i nærleiken! Eg køyrde i alle høve av garde i pøsregnet - ja du leste rett, det regna i dag for første gong sidan mars - nordover til Carlsbad. Foreldra til Peter bor på ein fantastisk flott avokado farm litt oppe i fjella. Kunne til og med sjå snø på fjella enda litt lenger i landet frå huset deira. Eit flott syn for ein nordmann!! Regn i California kan nesten regnes som ei naturkatastrofe. Strømmen hadde i alle fall vore vekke sidan tidleg på morgonen og hadde akkurat kome attende når vi kom opp på avokadotoppen, så middagen var litt forsinka. Det gjorde ingenting, vi fylde tida med litt amerikansk fotball og ein film. Middagen var verdt å vente på. Mora til Peter hadde laga eit fantastisk måltid med alt som høyrer til ein tradisjonell Thanksgivingmiddag. Kalkunen var deilig, "støffinga" knall, squashen, sausen, bæra, rett og slett alt smakte fortreffelig. Dagen vart toppa med gresskarpai, friske bringebær, jordbær og krem til dessert. Nam!



Bildet yt ikkje kalkunen rettferd. Den er større enn den ser ut!

Thanksgiving


Thanksgiving er ei stor greie her borte. Eg trur dei takkar for at indianarane redda pilgrimane ein vinter ved å lære dei nokre triks for å skaffe mat. Min Thanksgiving-torsdag vart tilbrakt i leiligheita der eg og Torgeir lagde eit alletiders måltid. Planen var å ete ute på ein betre restaurant, men då vi entra strandpromenaden var så godt som heile Pacific Beach bada i det manglande lyset frå stengde barer og spisestader. Dei åpne fast-food sjappene frista ikkje nok. Heldigvis var Ralphs ope, så vi fekk handla marinert kylling, sopp, brokkoli, purre, maiskolbar, is, saus og sikkert meir til. Godt vart det i alle fall, sjøl om det ikkje vart kalkun...



Slik så bordet ut før måltidet starta.

Bilfiks

Bilen vår har også fått ei oppgradering den siste tida. Vi fekk beskjed frå den tidlegare eigaren at bakbremsene burde skiftast etter at vi hadde køyrd ca 5000 miles. Oljeskift bør gjerast for kvar 3000 køyrde miles. Vi satte derfor frå oss bilen på verkstaden, dei gjorde ein gratis sjekk, og som alltid med bilselgarar fekk vi ei lang liste over ting som burde gjerast når vi kom tilbake. Bakbremsene var overraskande nok fine sa dei, men bremseklossane på framhjula var slitt, motoren hadde en lekkasje, noko var slitt her, noko der osv. Vi endte i alle fall med å bytte klosser på framhjula og skifte olje. Håper no bilen held til sommaren med eit oljeskift eller to til, berre.

Boardrack

Endeleg har vi klart å somle oss til å investere i eit boardrack til bilen (les: takgrind for surfebrett). Det gjer at vi no kan kome oss litt vekk frå stranda rett nedanfor huset vårt for å surfe. 200 meter nord for oss er ein av dei beste nybegynner bølgane i området, men det er alltid kjekt med variasjon. Ein morgon forrige helg tok i alle fall eg og Torgeir turen litt nordover til La Jolla Shores og freista lukka på ein kjend bølge der. Vi hadde allereie testa den ein gong tidlegare heile gjengen, så vi visste den var bra. Men ikkje denne morgonen dessverre. Det var ein usedvanleg klar og fin morgon, og dessverre også stille på sjøen. Sånn er livet som surfer. Bølgane er lunefulle. Ser i alle høve fram til å få testa ut nye deler av Californias sørlege vestkyst med brettet på taket!



Her har vi Torgeir og bilen med bretta på taket på La Jolla Shores klar for nye bølger!